Utfordringar ved regionsentra i fylket

Større tettstadar har større potensiale til klimagassreduksjon enn distrikta. Det ligg betre til rette for både mindre bilkøyring og meir bruk av kollektivtilbod. I tillegg gjer kortare avstandar at gang og sykkel er meir aktuelle transportformer i kvardagen. 

Det er ein sterk samanheng mellom by- og tettstadstruktur og val av reisemåte. Utbyggingsmønster og transportsystem må fremje utvikling av grønare byar og tettstader, redusere transportbehovet og legge til rette for klima- og miljøvenlege transportformer.  

Status

Meir folkerike tettstader og byar vil kunne føre til kortare transportavstandar for arbeids- og fritidsreiser for ein større del av befolkninga i framtida. Kortare avstandar mellom bustad og arbeidsstad vil vidare gi betre føresetnader for kollektivtrafikk. Intern sentralisering i fylket gjer betre føresetnad for meir samanhengande sykkelnettverk i og rundt regionsentra.

I Grunnlagsdokument for Nasjonal transportplan (2018-2029) legg regjeringa fram ein tiltakspakke for å gjere dei største byområda i Norge tilnærma utsleppsfrie. Tiltakspakken inneheldt ein finansieringsordning som skal støtte tiltak for auka kollektivtrafikk og meir samanhengande utbygging av sykkelvegar. Sogn og Fjordane har per i dag ingen tettstader som er aktuelle for den statlige finansieringsordninga. Det betyr ikkje at alle tiltaka som er presentert i ordninga er uaktuelle for tettstader i fylket. Ved ei eventuell utviding av den nasjonale ordninga kan nokon av tettstadane i fylket vere aktuelle som «nullutsleppsbyar» i framtida.

Utfordringar

For å oppnå målsetninga om mindre bilbruk og meir bruk av miljøvenlege reisemåtar må ein sjå senterstrukturplanlegging frå eit overordna perspektiv. Utarbeiding av attraktive sentrum der ein legg til rette for berekraftige transportformer krev samordna planinnsats på tvers av fageiningar og forvaltningsnivå.

Gjennom Paris-avtalen har Norge forplikta seg til monaleg reduksjon fram mot høvesvis 2030 og 2050. Transport står for ein stor del av dagens utslepp, og for å nå måla satt i Paris-avtalen må transportsektoren ta store delar av utsleppsreduksjonen.

I transportetatane sitt forslag til NTP 2018-2029 skal all transport i Norge vere tilnærma utsleppsfri innan 2050.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har ansvar for ein kollektivtrafikk som slepp ut store mengde CO2, og bør i komande anbod setje strenge krav til klimagassutslepp som leverandørar må imøtekome. Det er viktig at omlegginga innan kollektivtransporten vert gjennomført innan akseptable økonomiske rammer, og at det ikkje går utover ønska kollektivtilbod til innbyggjarane.

Vidare bør fylkeskommunen legge til rette for at person- og godstransporten på vegnettet i større grad enn i dag nyttar lav- og nullutsleppsteknologi. Ein må i næraste framtid avklare viktige spørsmål knytt til utbygging, drift og vedlikehald av nødvendig infrastruktur.

Sykling og gåing er den mest klima- og miljøvenlege transportmåten. I tillegg gir det ein helsegevinst for befolkninga. Ein må auke løyvingane for utbygging av gang- og sykkelvegar samstundes så ein bør setje i gong haldningsskapande arbeid skal ein nå den nasjonale målsettinga om dobling av sykkelreiser innan 2023.

Det er lettare å legge til rette for både meir sykling og gåing samt fleire kollektivreisande i sentrale strok av fylket. Fylkeskommunen bør saman med kommunane ta omsyn til behovet lågare klimagassutslepp ved transport i planlegging av senterstrukturen i byar og tettstadar i Sogn og Fjordane.

Del dette:

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Relaterte lenker

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Ansvarleg eining

Samferdsleavdelinga

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00