Foto av tre elevar ombord på opplæringsfartøyet Skulebas. Foto: Måløy vidaregåande skule
Foto av tre elevar ombord på opplæringsfartøyet Skulebas. Foto: Måløy vidaregåande skule

Foto: Måløy vidaregåande skule

Utfordrar oppdrettsnæringa

Sogn og Fjordane fylkeskommune har invitert tre oppdrettsverksemder til drøftingsmøte for å få på plass ein leigekontrakt for undervisningskonsesjon for laks og aure ved Måløy vidaregåande skule.

Det hastar med å gjere noko med rekrutteringa til dei marine næringane – og marine opplæringstilboda – i Sogn og Fjordane. Dette skuleåret er det til dømes berre fire elevar på akvakultur og tre elevar på fiske og fangst ved Måløy vidaregåande skule.

Må få opp søkjartala

– Det er på tide vi gjer noko som monnar. Vi må få opp søkjartala til desse faga, som er så viktige for fiskeri og havbruksnæringa i fylket vårt. Ved å rekruttere til marine fag, bidreg vi til å auke talet på arbeidsplassar og på sikt bidra til å auke folketalet i fylket. Vi utdannar då folk som kan skape nye arbeidsplassar i marine næringar, seier Lena Søderholm, marin koordinator i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

I Verdiskapingsplanen for Sogn og Fjordane er det sett eit mål om at det i 2025 skal vere 30 elevar som søkjer  til opplæringstilbodet i akvakultur, og 15 elevar som tek fiske og fangst. For å få til det, må utdanninga oppfattast som meir interessant, og til dette treng fylkeskommunen fiskeri- og havbruksnæringa med på laget.

Drøftingsmøte med tre oppdrettarar

Fylkeskommunen har ein pågåande dialog med Osland Havbruk, Firda Sjøfarmer og Marine Harvest Norway om å få ein undervisningskonsesjon i fylket. Desse tre er no inviterte til drøftingsmøte på Fylkeshuset 23. november. Her håpar prosjektleiar Lena Søderholm å få på plass endelege avklaringar knytt til utleige av undervisningskonsesjonen.

Tanken er at fylkeskommunen leiger ut løyvet til å produsere fisk (biomasse) som ligg i undervisningskonsesjonen, til ein eller fleire oppdrettarar i fylket. Desse kan då nytte dei eksisterande lokalitetane sine til å produsere meir fisk enn dei har løyve til i dag. Ein del av leiga er tenkt som ein fast, avtalt sum, medan resten av leiga vil vere variabel avhengig av kor mykje oppdrettarane tener på salet av fisken.

Fond for rekruttering og kompetanseheving

– Det mest spennande er at midla frå leigeinntektene skal setjast i eit eige fond, som berre skal disponerast til rekruttering i marin sektor, først og fremst oppdrettsnæringa. Slik vil dette fondet, slik vi har tenkt det, bli til stor nytte for havbruksnæringa i fylket. Det er difor viktig også for oppdrettarane i fylket at dette fondet får ein god inntektsbase, seier Søderholm.

Ho håpar undervisningskonsesjonen skal vere klar til neste skuleår.

Opplæring på anlegg

Allereie i dag er Måløy vidaregåande skule flink til å nytte praksisplassar ute i bedriftene, anten på fiskebåtar eller akvakulturanlegg, som ein del av undervisningsopplegget sitt.

– Vi vil framleis vere avhengige av velvilje frå både dei vi får ein leigeavtale med og andre oppdrettarar for å tilby interessante praksisplassar i nærleiken av heimstaden til elevane, seier Søderholm. 

Vellukka i andre fylke

Fleire andre fylke, blant andre Sør-Trøndelag, har hatt undervisningskonsesjon for matfisk i fleire år no, noko som har vore svært positivt for rekrutteringa til dei marine faga der.

Prosjektet i Sogn og Fjordane er forankra i Verdiskapingsplan for Sogn og Fjordane 2014–2025. I planen er det mellom anna sett mål om å styrke tilgangen til kompetanse og arbeidskraft i fylket. Det å utvikle ei meir attraktiv vidaregåande fagutdanning retta mot verdikjedene i sjømatnæringane, er ein del av dette.

For meir informasjon

Lena Søderholm
970 35 449
lena.soderholm@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00