Logo for næringsdagane 2016
Logo for næringsdagane 2016

Utfordrar framtidas næringsliv

11. – 12. mai har Næringsdagane for 2. gong samla eit sterkt beite av fagleg solide og spanande personar for å opplyse årets hovudtema, «Framtidas arbeidsliv».

Meld deg på næringsdagane 2016
 

Airbnb inntek Sogn og Fjordane

Delingstenesta Airbnb konkurrerer mot hotella, også i Sogn og Fjordane. 31.mars 2016 har dei 282 registrerte utleigeeiningar i fylket, og vi må ta innover oss at framtida er her. Men er dei nye tenestene berre eit problem?

Oscar Hellenes, frå selskapet Lotel, er ein av foredragshaldarane på Næringsdagane:  «I vår startet de tre opp Lotel, som gjør alt fra A til Å for deg som vil leie ut på Airbnb.» (DN Grunder, 16.11.2015). Han fortel korleis Lotel bygger næring på ei ny næring.

Matlevering og sjølvbetening - eit trugsmål?

Er matlevering heim på døra eit trugsmål mot den tradisjonelle butikknæringa? Kva konsekvensar får det her i fylket? Og vert dei kassetilsette overflødige med sjølvbetjening i butikkane. Geir Espe er direktør i Coop Vest, og kjenner på framtidspulsen kvar dag. Kva finst i krystallkula hans?

Ny næring med ny teknologi

Teknologi endrar seg heile tida, og tvingar fram strukturendringar enten vi likar det eller ikkje. Sintef IKT er eit leiande teknologimiljø i Norge som arbeider tett på mange verksemder og næringar. Dei vel ut ei verksemd som dei har arbeidd med i Sogn og Fjordane, og syner korleis teknologi skapar framtidas næring og arbeidsliv. 

Sogn og Fjordane digitaliserer offentleg sektor

Søkjer du på nett om separasjon, fritt rettsråd eller partistøtte, gjer du det gjennom ei digital løysing utvikla i Sogn og Fjordane. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane lagar løysingar for søknader frå private for alle fylkesmenn i heile landet. Og dette er berre noko av det dei utviklar for heile landet. Det same gjeld Difi, som mellom anna har ansvar for digitale fellesløysingar som ID-porten, Digital postkasse og Kontakt- og reservasjonsregisteret. Difi har kontor i Oslo og på Leikanger, og mestedelen av arbeidet med dei nasjonale fellesløysingane skjer på Leikanger.

Av desse grunnane har vi sett følgjande fellestittel på foredraga til Gunnar Hæreid,  Fylkesmannen, og Torgeir Strypet, Difi: «Sogn og Fjordane lagar spreke løysingar og digitaliserer offentleg sektor»

Konferansier for arrangementet er Siri Lill Mannes.

Komplett program for næringsdagane 2016 finn du her

Partane bak Næringsdagane er:  NHO, LO, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebanken Sogn og Fjordane, Sparebanken Vest, Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, Høgskulen i Sogn og Fjordane, NAV, Innovasjon Norge,  IT Forum.

For meir informasjon

Sekretariat:
Tom Farsund
901 18 254
tom@findriv.no

Jan Heggheim
fylkesdirektør, næring og kultur
905 66 623
Jan.Heggheim@sfj.no

 

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00