Universell utforming

Universell utforming av reisesystema er viktig i dagens samfunn. Alle ledd i reisekjeda må vere med i slike vurderingar. Det har såleis vore arbeidd mykje med universell utforming av reisekjeder siste åra og lovverket er betydeleg skjerpa.

Universell tilrettelegging handlar om at alle skal kunne ferdast på ein god måte på oversiktlege og lett forståelege reisesystem. Dette betyr at både fysisk utforming i tillegg til andre tiltak som t.d. ruteopplysning og informasjon må ivaretakast. Arbeid med å betre universell utforming er ein viktig og naturleg del av utviklinga av kollektivtilbodet.  Gode universelle løysingar gjer det enklare for alle å reise kollektivt.            

Det er krav til universell utforming på alle nybygg, enten det er ein rutebilstasjon eller buss. Det er fortsatt unnatak på eldre bygg og transportmiddel. Frå 1.juni 2017 er alle bussar i Sogn og Fjordane universelt utforma. Største utfordringa knytt til universell utforming er på lokalbåtrutene. Sjå eigen omtale av dette under lokalbåtavsnittet.

Universell utforming av reisesystema er viktig i dagens samfunn. Alle ledd i reisekjeda må vere med i slike vurderingar. Arbeid med å betre universell utforming er ein viktig og naturleg del av utviklinga av kollektivtilbodet. Gode universelle løysingar gjer det enklare for alle å reise kollektivt.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Ansvarleg eining

Samferdsleavdelinga

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00