Unikt helsemeistrings-tilbod i Sogn og Fjordane

Ny forsking frå Bergen skal hjelpe tilsette som er langtidssjukmelde eller slit med helseplager over tid. Sogn og Fjordane fylkeskommune og NAV Sogn og Fjordane går no nye vegar, stress og heleproblem skal taklast med unikt helsemeistringsprogram.

Omsyn til private utfordringar

- Å ta omsyn til private utfordringar, som arbeidstakarane våre har, ser vi på som ei god investering, seier fylkeskommunen sin personalsjef, Ove Kristian Lunden. Helsemeistringsprogrammet som fylkeskommunen vil tilby tilsette, er del av eit forskingsprosjekt i samarbeid med NAV Sogn og Fjordane, Unifob helse og Universitetet i Bergen. Prosjektet skal skaffe kunnskap om helsemeistringsprogram som målretta helsetiltak, med utgangspunkt i forskar Torill H. Tveito si doktoravhandling ”Sykefravær og subjektive helseplager”. Ho meiner programmet har positiv effekt.

-Meistringsprogram verkar positivt i den forstand at deltakarane opplever at dei vert betre i stand til å handtere eigne helseplager og ta vare på eiga helse.” seier Tveito.

Gevinst for mange

Målgruppa for helsemeistringsprogrammet er personar som opplever at ein krevjande arbeidsdag, i kombinasjon med eigne helseplager, kan vere vanskeleg og utfordrande.

- Vi treng arbeidstakarar som trass i helseproblem kan vere med å yte tenester overfor innbyggjarane og som med sin kompetanse er viktige bidragsytarar i den omfattande aktiviteten som fylkeskommunen står for, seier Lunden. - Det å skaffe seg kunnskap om meistringstiltak ved helseproblem vil også kunne ha stor verknad for livskvaliteten for mange andre, og ikkje berre våre tilsette. Han påpeikar at fylkeskommunen sine fylkeshovudtillitsvalde og fylkeshovudverneombodet er viktige samarbeidspartar i prosjektet.

Forsinke utgang frå arbeidslivet

På kort sikt vil prosjektet gje kunnskap om programmet kan hjelpe deltakarane til å meistre sine helseplager og dermed gje betre livskvalitet. På lang sikt er målet at deltakarane blir betre i stand til å vere i arbeid, og at det kan motverke, hindre eller forsinke utgang frå arbeidslivet.

- Generelt ser me at arbeidsgjevarar og arbeidstakarar blir stadig flinkare til å snakke saman. Samstundes veit me at mange sjuefråvær har samanheng med ulike private utfordringar, utfordringar som påverkar arbeidskapasiteten. Arbeidsgjevarane må våge å tenkje nytt i høve det å ta vare på arbeidskrafta si, og slik vert dette eit spennande forsøk, seier Tore Thorsnes, direktør hjå NAV Sogn og Fjordane. Han legg til at Sogn og Fjordane fylkeskommune er eit døme på ein arbeidsgjevar som har teke denne problemstillinga på alvor.

Personleg coaching og eigentrening

I 2008 vil det blir gjennomført to helsemeistringsprogram med 15 personar i kvart program. Det startar med at deltakarar blir samla på Selje Hotell i oktober. I 5 dagar til ende vil deltakarane ha ein timeplan med aktivitetar som fysisk trening, personleg coaching, felles og individuell refleksjon kring utfordringar i kvardagen, erfaringsutveksling, kulturelle utflukter og spa-thalassoterapi. Etter samlinga skal deltakarane drive eigentrening i 5 månadar, og vil då få tett oppfyljing og rettleiing både frå ein personleg trenar i høve det fysiske og ein personleg motivator/mentor. Meistringsprogrammet vert avslutta med ei 5 dagars erfaringssamling på Selje hotell våren 2009. Meistringsprogrammet er utvikla av Thomas Bickhardt, Gerd Kjellaug Berge ved Selje Hotell og Kolbjørn Rydvang ved Idrettssenteret i Sogndal i samarbeid fylkeskommunen.

- Det er heilskapen i meistringsprogrammet som gjer at vi har tru på dette. Det er også det som skil dette tilbodet frå andre tilbod som einsidig fokuserar på t.d. mental eller fysisk helse, avsluttar personalsjef Lunden.

Ny sjukmeldingsblankett

I Sogn og Fjordane har det også tidligare vore liknande forskingsprosjekt. Den såkalla forsøksordninga ”Gult Kort” i regi av NAV trygd Florø, legegruppa ved Sunnfjord Medisinske senter og Kjartan Olafsson har resultert i at det frå 1. september i år blir innført ny sjukemeldingsblankett som m.a. gjev tydelegare signal om medisinsk moglegheit for aktivitet på arbeidsplassen. Opptakten til det nye forskingsprosjektet med helsemeistringsprogram vart gjort på fylkeskommunen sin årlege konferansen for fylkeshovudtillitsvalde og verneombod i 2007. Der var doktoravhandlinga til Torill H. Tveito eit hovudtema. Prosjektet har fått 1,3 millionar i støtte frå FARVE – forsøksmidler og velferd. FARVE sine prosjektmidlar skal medverke til utvikling av eit meir inkluderande arbeidsliv. Prosjektet har eit budsjett på ca 3,5 millionar, og det er forskar Torill H. Tveito og Unifob helse i Bergen som er ansvarleg for å evaluere effekten av meistringsprogrammet.

Les meir:

Doktoravhandling ”Sykefravær og subjektive helseplager”, Torill H. Tveito
FARVE – forsøkmidler arbeid og velferd

For meir informasjon kontakt:

Tore Thorsnes

Direktør

Nav Sogn og Fjordane

Tlf: 57 01 55 20

 

Ove Kristian Lunden

Personalsjef

Sogn og Fjordane fylkeskommune

Tlf: 57656155

 

Torill Helene Tveito

Forskar

Unifob helse

Tlf: 55 58 32 68

 

Del dette:

Relaterte lenker