Gruppebilde
Gruppebilde

Kurshelg i Loen. Foto: Bent Are Iversen

Ungt engasjement

Kva er viktig for ungdom i Sogn og Fjordane og kva skal til for at desse tema vert sett på dagsorden? Møt dei ti ungdomane som deltek på prosjektet "Mine meiningar på mitt språk".


  1 / 10 
 
Anne-Malin Aase 
Anne-Malin Aase

Alder: 26
Kjem frå: Førde
Engasjement for: redesign og skriving

 


Dei ti ungdomane som brukte helga si på bloggkurs i regi av fylkeskommunen har alle ulike interesser og ulik motivasjon for å delta i prosjektet «mine meininga på mitt språk». Det dei alle har til felles er engasjement og interesse for å skrive og formidle på nett.

Politikk, val, samfunn, foto, mote, sminke, redesign, marin forsøpling, etikk, dans, jus, reising, språk og psykisk helse er nokre av tema som engasjerer dei ti ungdomane.

Med ein del nye tips, triks og verkty, samt ein god dose inspirasjon, skal ungdomane no velje seg ut tema og skrive innlegg som dei skal formidle på eigen og fylkeskommunal blogg. Dei skal sjølve velje tema, og det einaste kravet frå prosjektet si side er at innlegget er på nynorsk.

Dei første blogginnlegga vil dukke opp i oktober, så vil det kome innlegg jamleg utover hausten og vinteren.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00