Foto av Jon Askeland, Marthe Teigen Refsnes og Oda Medhus.
Foto av Jon Askeland, Marthe Teigen Refsnes og Oda Medhus.

– Vi må samarbeide, sa Jon Askeland, som blir fylkesordførar i Vestland frå 1. januar, til det første fylkesting for ungdom i Vestland. – Vi ser det som ekstremt positivt å slå oss saman, seier Oda Medhus (t.v.) og Marthe Teigen Refsnes.

Ungdomen i Vestland slår seg saman

– Vi ser på samanslåing og samarbeid som positivt. Vi blir større og får meir makt, seier Marthe Teigen Refsnes og Oda Medhus. I helga slo fylkestinga for ungdom i Sogn og Fjordane og Hordaland seg saman til eit felles fylkesting for ungdom i Vestland.

Over tre dagar i Bergen møttest 70 ungdommar frå dei to fylka for å etablere ein felles ungdomspolitisk organisasjon i Vestland fylkeskommune. Oda Medhus, Eidfjord, er leiar av ungdommens fylkesutval i Hordaland, medan Marthe Teigen Refsnes, Florø, er leiar av ungdomspolitisk utval i Sogn og Fjordane. Desse har vore arbeidsutvala som har fungert i perioden mellom dei årlege fylkestinga. Dei blir no eit felles organ, Vestland ungdomsutval, som i helga vart valt av fylkesting for ungdom Vestland, som er det øvste talerøyret for ungdom i Vestland fylke.


Foto av Marthe Teigen Refsnes og Oda Medhus.
– Eg trur at engasjement smittar, fleire blir engasjerte og vi får meir makt og innflyting, seier Marthe Teigen Refsnes (t.v.). – Eg har lært meir ved å vere med her i to år enn i samfunnsfagtimane på skulen, seier Oda Medhus.

Må ta geografiske omsyn

– Vi ser det som ekstremt positivt å slå oss saman, men vi må ta geografiske omsyn. Vi får lenger veg å reise, og vi får oppleve andre stader. Og vi kjem til å lære mykje av kvarandre, seier Oda Medhus.

– Men det vi uroar oss for, er at Sogn og Fjordane skal bli underrepresentert. Vi er mindre og må sikre representasjon frå oss, men vi trur det skal gå fint, seier Marthe Teigen Refsnes.

– Vi må ta omsyn til geografisk spreiing. Hordaland er større, det bur fleire der, og dei får fleire med, men vi kan ikkje berre få representantar frå Bergen, Førde og andre større stader, men og frå utkantane. Vi må unngå sentralisering, seier Oda Medhus.


Foto av ungdomane som deltok på det siste fylkestinget for ungdom i Sogn og Fjordane.
Det siste ungdommens fylkesting i Sogn og Fjordane vedtok nedlegging for å gå inn i Vestland.

Historisk

Jon Askeland, som blir fylkesordførar i Vestland frå årsskiftet, helsa til ungdomen.

– Velkommen til samarbeid. Vi byrjar på nytt i Vestland. Dette er historisk. De er det første fylkesting for ungdom i Vestland. Då treng vi samarbeid. I berekraftmåla til FN er nummer 17 «samarbeid for å nå måla». Det store spørsmålet for oss alle er klima og miljø. Det plikter oss alle og krev brei medverknad. Eg vil oppmode om å gå gjennom alle berekraftmåla til FN. Om vi meiner noko med politikken, må vi gå saman om å løyse dei. Vi må ta kampen, vere usamde, men løyse på demokratisk måte. Vi må ofte kompromisse. Vi må ta med oss den sterke viljen til å handle. Tidlegare statsminister Per Borten sa at å drive politikk, er å tenne lys for folk. Vi må gje håp om at det nyttar. Vi skal saman bygge det beste fylket og dei beste kommunane i verda, sa Jon Askeland.


Foto av ungdomane som deltok på det siste ungdommens fylkesting i Hordaland.
Det siste fylkesting for ungdom i Hordaland vedtok òg nedlegging for å gå inn i Vestland.

Samarbeid med tanke på samanslåing 

Oda Medhus og Marthe Teigen Refsnes fortel at dei alt har samarbeidd i to år med tanke på samanslåing.

– Dette er spennande og historisk. Vi har lært av kvarandre og deltatt på møte hos kvarandre. Vi har funne felles løysingar og satsar på det som fungerer. Vi har funne den gylne middelveg mellom det vi har gjort i begge fylka, seier Medhus og Refsnes.

Det er mange felles saker i dei to fylka som slår seg saman.

– Ei viktig sak for oss er betre kollektivtilbod. Det skal bli lettare for ungdommen å reise i fylket. I dag kostar det til dømes 666 kroner tur/retur å reise Florø–Bergen med båt. Det synest vi er for dyrt. Ungdomskortet til 365 kroner bør gjelde for heile Vestland fylke.

Desentralisert skuletilbod

Ei anna sak er eit godt og desentralisert skuletilbod.

– Vi treng skular i distrikta, men det er ei utfording å få ungdom til å søkje seg dit. Alle kan ikkje reise til Bergen eller Førde for å gå på skule. I Sogn og Fjordane har vi minst fråfall og gode karakterar. Det trur vi kjem av at klassane har færre elevar. Eg har ein teori om at elevar trivst betre på ein skule med færre i klassen. Vi må ikkje få store skular i sentrale delar av fylket på kostnad av distriktsskulane.

Stemmerett

Stemmerett er eit anna tema som engasjerer ungdomen.

– Vi får høyre at ungdomen ikkje engasjerer seg. Men mange engasjerer seg tidleg, sjølv om dei ikkje får stemmerett før dei er 18 år. Det er mykje usemje om 16-åringar skal få stemmerett, men ungdomen må bli høyrd. I Sogn og Fjordane har vi kjempa for stemmerett for 16-åringar, seier Marthe Teigen Refsnes

Kan engasjere seg

Dei to har likt å vere engasjert i ungdomspolitikk.

– Mange unge er frustrerte og klagar og syt, men ikkje alle er klar over at dei kan gjere noko med det ved å engasjere seg i fylkesting for ungdom. Mange veit ikkje om oss og engasjerer seg ikkje, men her kan vi gjere noko med det vi er opptatt av. Det blir viktig å jobbe framover for å få ungdom til å engasjere seg og bli med på å påverke utviklinga i samfunnet. Det er veldig kjekt å vere med. Vi blir kjende med mange nye ungdomar. Eg har lært meir ved å vere med her i to år enn i samfunnsfagtimane på skulen, seier Oda Medhus.

– Men eg trur at engasjement smittar, fleire blir engasjerte og vi får meir makt og innflyting, seier Marthe Teigen Refsnes.

Velje leiar

I løpet av helga har fylkesting for ungdom Vestland konstituert seg, lage vedtekter, budsjett og planprogram og valt leiar og nestleiar og dei andre sju som skal vere med i Vestland ungdomsutval. Dette er arbeidsutvalet som skal følgje opp vedtak gjort på fylkestinget og som skal fungere til neste fylkesting for ungdom.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568