Ungdomane vil til Sogn og Fjordane

Dei fem som representerte fylkeskommunen på karrieremessa i Bergen 13. februar møtte mange ungdomar som kan tenkjer seg å flytte til Sogn og Fjordane. Over 500 var innom Grieghallen for å finne ut meir om moglegheitene i Sogn og Fjordane.

– Eg har funne fleire interessante, spennande og relevante bedrifter eg ikkje ante eksisterte. Med slikt utval av arbeidsplassar og ikkje minst trivelege folk, så er eg open for å flytte heimover om den rette mogelegheita skulle dukke opp, seier systemutviklar og borgynd Kjell Iver Breistøl, som eigentleg var innom messa for å helse på kjente frå trivselsfylket.

Onsdag 13. februar arrangerte Framtidsfylket den sjuande fylkesdekkande karrieremesse i Bergen. Over 500 hadde meldt seg på, og endå fleire var innom Grieghallen i løpet av kvelden.

Fylkeskommunen søkjer traineear

Fylkeskommunen møtte mange spennande kandidatar til stillingar både innan eigen organisasjon, men også stillingar til andre bedrifter i fylket.

– Rolla til fylkeskommunen er like mykje å rekruttere til fylket som å rekruttere til eigen organisasjon, sa Jan Erik Weinbach, som har vore med frå starten av i rekrutteringsarbeidet til fylkeskommunen.

Han var også ein av dei første som var del av den fylkesdekkande traineeordinga, framtidsfylket trainee, som har søknadsfrist 15. mars.

– Fylkeskommunen har vore traineebedrift i fire år, og i år ynskjer vi to traineear. Den eine skal arbeide med budsjettarbeid, økonomistyring, oppfølging av planar, tiltak og budsjett i opplæringssektoren og den andre vert tilsett på bygge- og eigedomstenesta og skal arbeide med digitale FDV- og BIMsystem, fortel Weinbach.

Dei som var innom karrieremessa var alt frå arbeidssøkjande, til studentar, til unge og vaksne med fast arbeid. Felles for alle var at dei er interesserte i å bli betre kjente med næringslivet og karrieremogelegheitene i Sogn og Fjordane.

Med over 50 bedriftstands og 140 bedriftsrepresentantar synte fylket fram eit breitt spekter av arbeidsmogelegheiter.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut