Ungdom vert godt involverte i fylkespolitikken i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane er eitt av fire fylke som får skryt for måten dei involverer ungdom i lokalt utviklingsarbeid. Ungdom vert tekne med på råd og får sjansen til å påverke og engasjere seg i utviklinga av fylket. Det slår ein rapport frå Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR) fast.

Benjamin Hellesen Heimset leiar ungdomspolitisk utval (UPU) i Sogn og Fjordane. Han er glad for at ungdom vert lytta til her i fylket.

– Ungdomar i Sogn og Fjordane er ofte veldig flinke å engasjere seg i anten ein organisasjon, eit parti eller eit idrettslag. Det at vaksne høyrer på ideane og tankane våre, stimulerer til vidare engasjement. Hadde ikkje politikarar i Sogn og Fjordane vore flinke til å involvere ungdom, så hadde heller ikkje ungdommen engasjert seg, seier Heimset.

«Vaksne» politikarar viktige

Rapporten trekkjer fram at Sogn og Fjordane fylkeskommune har gode erfaringar med å involvere ungdom i planleggingsarbeid. I prosessen med å lage ny regional planstrategi er det planlagt to samlingar der ungdom skal få seie meininga si.

– Det er viktig at vi engasjerer oss. Slik kan vi vere med å påverke for ungdomstilbod vi skal ha, eller når bussen skal gå. At vi kan vere med å forme ungdomstida vår, gjer lysta til å engasjere seg større. Det er vi som veit best kva vi vil ha, og kva vi vil gjere, meiner Heimset.

Undersøkinga viser at noko av det viktigaste for eit vellukka ungdomsdemokrati er dei «vaksne» politikarane. Både fylkesordførar Åshild Kjelsnes og tidlegare fylkesordførar Nils R. Sandal får ros for å vere sterke pådrivarar for å sikre ungdomsmedverknad.

Inviterte UPU til møte

– Vi må ha direkte kontakt med ungdom for å setje i verk tiltak som treff behova deira best. Vi har lenge hatt ein strategi om å lytte til ungdom, og følgje opp dei behova dei formidlar til oss. Dei kan fortelje oss kva vi må gjere for at dei skal trivast og oppleve Sogn og Fjordane som ein stad der dei ønskjer å leve liva sine, seier Kjelsnes.

Noko av det første Kjelsnes gjorde då ho tok til som fylkesordførar var å invitere heile UPU til møte på kontoret sitt. Det resulterte i at ho tok initiativ til å få ungdomsråda i kommunane som tema på haustkonferansen til KS i oktober.

Starta med fylkesting for ungdom i 1994

Same månad arrangerer UPU fylkesting for ungdom. Der deltek representantar frå kommunale ungdomsråd, fylkesdekkande barne- og ungdomsorganisasjonar og fylkesdekkande ungdomsparti. Dette er i tråd med korleis NIBR meiner fylkeskommunane bør organisere ungdomsarbeidet sitt.

Ordningane ungdomskortet for buss og båt, kulturkort for ungdom og trygt heim for ein 50-lapp er alle resultat av ungdomspolitisk arbeid. Sogn og Fjordane fylkeskommune har arrangert fylkesting for ungdom sidan 1994. Kvart år deltek eit utval fylkespolitikarar på ungdomstinget.

– Det betyr mykje at vaksne politikarar stiller på fylkestinget for ungdom for å høyre oss diskutere ungdomspolitikk. Det er viktig for oss at vi føler at dei ikkje gjer dette berre på «leik», men at dei faktisk tek oss på alvor, seier Heimset.

Unike ungdomar i Sogn og Fjordane

Rapporten peiker også på at det er viktig å ha ein eigen person som har ansvar for ungdomssatsingane. Denne skal følgje opp ungdomsarbeidet og ha kontakten med ungdomspolitikarane. Aud Jonstad Baardsen er ungdomskoordinator i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Ho meiner ungdomane sjølve skal ha mykje av æra for at ungdomssatsinga i fylket har lukkast.

– Det er viktig å få fram at vi har unike ungdomar i Sogn og Fjordane, truleg dei beste i landet, smiler ho.

Om rapporten

Rapporten Ungdom og lokal samfunnsutvikling – Hvordan involveres ungdom på fylkeskommunalt nivå? er laga på oppdrag frå Distriktssenteret. Den inneheld ei grovskisse av alle fylka og ein djupare studie av Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Nord-Trøndelag og Nordland.

Eit kriterium for utveljinga er kor tilgjengeleg informasjon om ungdomsmedverknad og ungdomssatsing er på heimesida til fylkeskommunane. Sogn og Fjordane har ei eiga ungdomsfane på heimesida, med informasjon om blant anna fylkesting for ungdom og UPU.

Les heile rapporten på nettsidene til Distriktssenteret.

Ungdomspolitisk utval på Facebook
Sfj.no - Ungdom

For meir informasjon

Åshild Kjelsnes
tlf. 918 88 568
e-post: ashild.kjelsnes@sfj.no

Benjamin H. Heimset
tlf. 901 98 770
e-post: heimset_@hotmail.com

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut