Ungdom i Sogn og Fjordane er mindre fysisk aktive enn unge andre stadar

Dette stadfester ei ny kartlegging av helse, miljø og livsstil blant 11- og 13-åringar i fylket. Onsdag 5. september vert ei rad resultat frå den omfattande kartlegginga publiserte. Undersøkinga gjev data på kommunenivå og for fylket samla.

Tala viser at ungdom i dei aktuelle aldersgruppene i Sogn og Fjordane er mindre fysisk aktive enn ungdom på same alderstrinn nasjonalt og internasjonalt. Spørsmålet dei unge har svart på er kor mange dagar i veka dei er fysisk aktive i 60 minuttar. Her kjem altså unge frå Sogn og Fjordane dårleg ut.

Gjev viktig kunnskap for førebyggande arbeid

Undersøkinga gjev kunnskap om viktige tilhøve for ungdommane i aldersgruppene for både fylket som heilskap og for dei einskilde kommunane. Informasjonen utgjer eit godt grunnlag for aktivt og målretta førebyggande arbeid, både lokalt og på fylkesplan.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har finansiert og delteke i undersøkinga. Ho er gjennomført av Universitetet i Bergen i samarbeid med forskar og fagdirektør Hans-Johan Breidablik i Helse Førde. Undersøkinga er ein del av arbeidet med å overvake helsesituasjonen etter ny folkehelselov. Dette er viktig for å fremje og understøtte folkehelsearbeidet.

25 av 26 kommunar har delteke

Undersøkinga set søkjelys på ei rad faktorar knytt til livsstil, trivsel, miljø og sosiale tilhøve.

– Vi må ha naudsynt oversikt over helsetilstanden, og kva som verkar inn på denne, for å drive eit kunnskapsbasert folkehelsearbeid, seier fylkesdirektør Svein Arne Skuggen Hoff i fylkeskommunen.

25 av 26 kommunar i fylket har delteke i undersøkinga, og om lag 70 prosent av alle borna i årsklassane har svart. Mange kommunar har eit lite tal elevar i dei aktuelle årsklassane. Tala må difor tolkast med varsemd og gjerne i samråd med dei som har gjennomført undersøkinga.

Publisert i Samhandlingsbarometeret

Resultata vert publiserte på nettstaden Samhandlingsbarometeret. Tala vert og lagt ut i Fylkesspegelen i nær framtid.

Tala for Sogn og Fjordane er òg knytte til samanliknbare tall for gjennomsnittet i Noreg og internasjonalt. Prosjektet har langt fleire variablar/resultat tilgjengeleg på andre folkehelseområde enn dei som er publisert. Vi tek imot førespurnadar framover om andre område frå dei som ønskjer dette. Det kan og bli mogeleg å gjere enkle analyser knytt til samanhengar mellom ulike faktorar.

For meir informasjon

Eivind Meland
professor og prosjektansvarleg, institutt for samfunnsmedisinske fag
Universitetet i Bergen
tlf. 55 58 61 55

Hans Johan Breidablik
fagdirektør Helse Førde
tlf. 901 82 853

Anne-Lene Normann
seniorrådgjevar Sogn og Fjordane fylkeskommune
tlf. 957 87 556

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette