Ungdom - fysisk aktivitet, rus og bevegelsesglede

Den årlege konferansen om tema innan fysisk aktivitet vert 12. og 13. mai 2009 i Sogndal. Konferansen er ledd i folkehelsearbeidet i fylket, og er eit samarbeid mellom fylkeskommunen, Fylkesmannen og Høgskulen.

Årets konferanse er den 6. i rekka, og som tidlegare år har konferansen eit høgt fagleg nivå. Tema er ungdom, rus og bevegelsesglede. Rus skal her tolkast i både positiv og negativ forstand; både som positive opplevingar i samband med fysisk aktivitet, og som problem knytt til alkohol og narkotika.

Målgruppe for konferansen er kommunalt/offentleg tilsette innan helse- og sosial, psykiatri, kultur og fritid, oppvekst og utdanning, planleggarar og politikarar, samt frivillige organisasjonar, private bedrifter og andre som arbeider med ungdom eller har interesse for temaet.

Påmeldingsskjema, program og opplysningar om overnatting er lagt ut på Fylkesmannen si nettside. Påmeldingsfrist er 24. april.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette