Ungdom - fysisk aktivitet, rus og bevegelsesglede

Som ledd i folkehelsearbeidet i fylket inviterer Høgskulen i Sogn og Fjordane, Fylkeskommunen og Fylkesmannen til den årlege konferansen om fysisk aktivitet. Konferansen vert halden 12. og 13. mai 2009 i Sogndal.

Tema på årets konferanse er ungdom, fysisk aktivitet, rus og bevegelsesglede. Rus skal her tolkast i både positiv og negativ forstand; både som positive opplevingar i samband med fysisk aktivitet, og som problem knytt til alkohol og narkotika.

Forsking viser at ein stor del av ungdommen fell frå den tradisjonelle idretten i løpet av tenåra. Ein del held likevel fram medfysisk aktivitet i mindre organiserte formar. Dei seinare åra har aktivitetar som rulle­brett, klatring, terrengsykling og frikøyring på ski og snøbrett blitt stadig meir populære blant ungdom. Om lag 25% av ungdommen driv med ein eller fleire slike aktivitetar. Likevel er det relativt lite tilrettelegging og satsing på desse frå det offentlege.

Målet for konferansen er å sette fokus på ungdom sin kvardag og å lyfte fram former for fysisk aktivitet som ligg i grenseland til, eller fell utanfor, tradisjonell idrett og friluftsliv. Konferansen har bidrag både frå forskarar som jobbar med tematikken ungdom, rus og fysisk aktivitet, og frå organisasjonar, private og offentlege som jobbar i dette feltet.

Målgruppe: Kommunalt/offentleg tilsette (helse- og sosialtenesta, psykiatri, kultur og fritid, oppvekst og utdanning, planleggarar, folkehelse), politikarar, frivillige organisasjonar, private bedrifter og andre som arbeider med ungdom eller har interesse for temaet.

Frå programmet:

Grunnar Breivik, Norges idrettshøgskole

Halldor Skard, Skapande livsstil

Erlend Sande, Ansvarlig redaktør for magasinet Fri Flyt

Reidar Säfvenbom, Norges idrettshøgskole

Fullstendig program blir annonsert seinare.

Kontaktpersonar

Bjørg Eikum Tang, folkehelserådgjevar hjå Fylkesmannen, tlf. 57 65 55 17

Emma Bjørnsen, folkehelsekoordinator i fylkeskommunen, tlf. 57 82 50 24

Tommy Langseth, Phd-stipendiat, HSF, Tlf 57676070, 91595648

Petter Erik Leirhaug, Lektor, HSF, Tlf 57676029

Del dette:

Relaterte lenker