ta 6uu 56s 5d

Aladdin'Squad frå Høyanger på UKM-festivalen 2017. Foto: Martha Linnea Pukallus, UKM Media, Sogn og Fjordane fylkeskommune

Ung kultur møtest i Høyanger

UKM-festival Sogn og Fjordane vert arrangert i Høyanger 13.–15. april. 230 ungdommar frå heile fylket skal vise kva dei kan, knyte kontaktar og få inspirasjon gjennom ei heil helg.

I løpet av festivalhelga skal ungdomane delta på sceneframsyningar og ei utstilling, og alt er ope for publikum. I tillegg blir det konsert i eit stort telt på Høyanger vidaregåande skule og i ungdomshuset Valhall på laurdagen. Og kanskje poppar det opp UKM-ungdommar også andre stadar i sentrum i løpet av helga?

Ungdom i mange roller

Å delta på UKM er ikkje berre for dei som likar å stå på ei scene eller stille ut bilete. Framsyningane vil blir leia av unge konferansierar, og i kulissane vert det unge arrangørar. Ein eigen festivalredaksjon med ungdom skal dekke festivalen gjennom videoreportasjar, tekst og foto publisert på nettsider og i sosiale mediar. Youri van der Werve, som er elev ved Sogndal vidaregåande skule, skal leie redaksjonen, som er eit nytt tilbod i år.

– Vi skal få fram det sosiale som skjer utanom hovudprogrammet seier Youri. – Og eg skal hjelpe ungdommane som blir med så godt eg kan, så her kan alle vere med.

I tillegg skal medielinja ved Sogndal vidaregåande skule lage fleirkamerproduksjon frå framsyningane som vil bli strøyma på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider. Medielinja skal også ta bilete av sceneinnslag og kunstnarar som vil bli gjort tilgjengeleg for media.

Eit fagpanel skal plukke ut kven som skal representere Sogn og Fjordane på den nasjonale UKM-festivalen i Trondheim 25. – 29. juni. Også unge konferansierar, arrangørar og deltakarar i UKM Media kan vere med dit.

Hovudarrangør frå Høyanger

OnCue Music Productions AS er hovudarrangør for festivalen i 2018. Dei held til i Høyanger, og det er andre gong dei inviterer til festival i industristaden. Sogn og Fjordane fylkeskommune, som har ansvar for UKM-arbeidet på fylkesnivå, er glade at OnCue har tatt på seg ansvaret også i 2018 etter ein vellukka festival i 2017.

Les meir om festivalen på www.ukm.no/sognogfjordane

 

For meir informasjon

Stig Aron Kamonen
OnCue Music Productions AS
901 87 738
ukm@oncue.no

Eva Kristin Svidal
Sogn og Fjordane fylkeskommune
911 69 693
eva.kristin.svidal@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker