Anders Honningdal vann publikumsprisen på Sogndal filmfestival 2018. Portrett frå prisutdelinga.
Anders Honningdal vann publikumsprisen på Sogndal filmfestival 2018. Portrett frå prisutdelinga.

Foto: Sogndal vgs

Ung hordalending vann publikumspris på filmfestival

Anders Honningdal vart den store vinnaren i kortfilmkonkurransen på Sogndal filmfestival 2018. Arrangementet vart avvikla med gallakveld i Sogndal kulturhus torsdag kveld.

Honningdal kjem frå Foldnes ved Bergen, og vann både den prestisjetunge publikumsprisen på NRK Sogn og Fjordane og prisen for beste dokumentarfilm med «Jeg lever så lite». Den sterke filmen handlar om ei ung jente som har levd isolert i fleire år med sjukdomen MS.

Ved avrøystinga på publikumsprisen fekk «Jeg lever så lite» heile 42,5 prosent av røystene. Honningdal er til dagleg filmelev på Danvik folkehøgskule.

– Eg er veldig glad for prisane, sa Honningdal i takketalen, og rosa filmfestivalen som ein fin arena for utvikling av filmtalent.

Mange røyster

På andreplass kom «Nytt år nye muligheter» / Sogndal Folkehøgskule, regi Jørgen Hollum, med 14,5 prosent av røystene. Tredjeplassen gjekk til «Porcelain», regi Simon Gjerde Tonev, med 9,7 prosent.

Totalt vart det gitt 1870 røyster på publikumsprisen i løpet av knappe seks dagar.

– Det er eit bra tal, påska teke i betraktning, seier festivalsjef Youri van der Werve.

Sportsfilm imponerte

Også Mathias Myklebust og Hallstein D. Mala vann to prisar med filmen «Flyt», ein i sportsklassen og ein for beste etterarbeid.

«Flyt» handlar om surfing og dristig skikøyring i vakker Vestlandsnatur.

53 kortfilmar

– Kvaliteten på filmane er i år svært høg, seier jurysjef Stein Magne Os.

I alt kom det inn 53 bidrag i kortfilmkonkurransen. Arrangørar er vg3 på medium og kommunikasjon på Sogndal vidaregåande skule. Målet er å stimulera unge filmskaparar på Vestlandet til kortfilmproduksjon.

Filmfestivalen vart i år skipa til for 13. gong. Programmet inneheldt også ein fagdag med Den 12. mann-produsent Aage Aaberge, fotograf Frøydis Geithus og komikar Maria Stavang.

Alle prisvinnarane:

  • Fagjuryprisen: Kaja Westereng Jacobsen med «Bygdetelegrafen»
  • Publikumsprisen: Anders Honningdal med «Jeg lever så lite»
  • Juniorprisen (for dei under 19): Martin Overvåg Eiken med filmen «Narcissus»
  • Beste dronefilm: Mathis Haughom med «Norway from above»
  • Beste animasjonsfilm: Martin Olsen med «Bowling»
  • Beste dokumentarfilm: Anders Honningdal med «Jeg lever så lite»
  • Beste sportsfilm: Mathias Myklebust og Hallstein D. Mala med «Flyt»
  • Beste etterarbeid: Mathias Myklebust og Hallstein D. Mala med «Flyt»
  • Beste regi og manus: Simon Gjerde Tonev med «Porcelain»

 
Gruppebilete av arrangørklassa for Sogndal filmfestival 2018
Vg3 ved medium og kommunikasjon på Sogndal vgs arrangerte Sogndal filmfestival. Foto: Sogndal vgs

 

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00