U-864 ved Fedje – trong for endeleg avklaring

– Eg vil derfor be fiskeri- og kystministeren om halde på det opphavlege vedtaket og få heva ubåten og fjerna kvikksølvet på ein forsvarleg måte, seier leiar i Vestlandsrådet, Tom Tvedt, i ein uttale.

Uttale frå leiar i Vestlandsrådet og fylkesordførar i Rogaland, Tom Tvedt:

Vestlandsrådet har ved fleire høve drøfta saka om ubåten U-864 som ligg utanfor Fedje fordi vi har ønska å signalisere at denne saka er ei viktig sak for heile kysten på Vestlandet. Rådet såg derfor med glede at regjeringa 29. januar 2009 bestemde seg for å heve ubåten.

Vestlandsrådet er kjent med at det no ligg føre ein ny KVU-rapport frå Kystverket. Denne rapporten bidreg til å skape ny uvisse om saka.

Eg ser det som særs uheldig at det framleis vert skapt uro om kva som vil skje med U-864, og at det på nytt er med på spreie angst langs kysten. Derfor vil eg på det sterkaste be om at vi no får ei endeleg avgjersle på U-864. Mengda på kvikksølvlasta som ligg i vraket tilseier at vraket må hevast.

For meir informasjon

Tom Tvedt
Leiar i Vestlandsrådet
Telefon: 971 99 233

Trond Ueland
Sekretariatsleiar Vestlandsrådet
Telefon: 913 37 410

Olav Ellevset
Regionvegsjef
Telefon: 576 55 986

Del dette:

Relaterte lenker