Fotocollage av reportarar på jobb for TV Bra, ein nett-tv-kanal av og for utviklingshemma. Tre jenter og ein gut med mikrofon, og ein annan gut som held eit kamera. Nedst i høgre hjørne er det eit felt der det står Når stemmer møtes, skapes forandring.
Fotocollage av reportarar på jobb for TV Bra, ein nett-tv-kanal av og for utviklingshemma. Tre jenter og ein gut med mikrofon, og ein annan gut som held eit kamera. Nedst i høgre hjørne er det eit felt der det står Når stemmer møtes, skapes forandring.

TV Bra etablerer seg i Sogn og Fjordane

– Dette er den beste julegåva vi kunne ha fått, seier musikkterapeut Jorunn Bakke Nydal om at TV Bra – ein nett-tv-kanal av og med utviklingshemma – no etablerer seg på heile Vestlandet.

Sogn og Fjordane fylkeskommune er ein av samarbeidspartane som skal byggje opp TV Bra her i fylket. Nydal gler seg over at nett-tv-kanalen som held til i Bergen, no får eit regionkontor i Sogn og Fjordane.

Styrkar deltakinga

– Dette vil vere med å styrke deltakinga til utviklingshemma i samfunnet. Dei blir sett og høyrt på lik linje med andre. Vi gler oss til å samarbeide med Tv Bra og er svært takksame for engasjementet deira, seier Nydal, som er musikkterapeut i fylkeskommunen.

TV Bra har fått to millionar kroner frå Extrastiftelsen til å etablere seg på heile Vestlandet.

Integrering og demokratisering

Saman med samarbeidspartane skal TV Bra bygge opp eit sterkt kompetansemiljø på heile Vestlandet. Sogn og Fjordane fylkeskommune er ein av samarbeidspartane i prosjektet, og ser fram til at utviklingshemma i Sogn og Fjordane får ei eiga plattform der dei blir sett og høyrt.

TV Bra har som mål å legge til rette for at utviklingshemma skal få ta del i offentleg debatt og kulturutveksling. Dei skal vise mangfald og breidde i utviklingshemma sitt kulturliv og kvardag. Integrering, demokratisering  og  å styrke identiteten til målgruppa er viktige element i arbeidet.

For meir informasjon

Jorunn Bakke Nydal
jorunn.bakke.nydal@sfj.no
913 44 734

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00