Trong for overordna reiselivsstrategi på Vestlandet

Vestlandet i dag har ingen samlande reiselivsstrategi som knyt saman dei ulike satsingane innan ferie og fritidsturisme og skisserer korleis samarbeidet mellom reiselivsnæringa og styresmaktene bør fungere. Ei av dei store utfordringane er mengda ulike næringsaktørar og styringsorgan og korleis ein saman best mogeleg kan finne felles strategiar mot marknaden.

Det er eit paradoks at Vestlandet, som fleire gonger er kåra til verdas beste reisemål, ikkje har ein overordna reiselivsstrategi, seier leiar i Vestlandsrådet, Tom Tvedt.

– Målet for ein eigen reiselivspolitikk på Vestlandet må vere å sikre auka lønsemd, auka grad av heilårs sysselsetting og bidra til levedyktige bygder på Vestlandet, seier Tvedt vidare.

Dette målet er òg i samsvar med nasjonal reiselivspolitikk. Det betyr å legge til rette for verdiskaping lokalt og regionalt og elles følgje opp nasjonal politikk og strategiar for reislivet.

Vestlandsrådet inviterer til nytt møte 14.juni 2011 på Flesland, Clarion Hotel Bergen Airport. Her vil Vestlandsrådet drøfte behovet for ein overordna reiselivsstrategi på Vestlandet.

Vestlandsrådet er eit formelt samarbeidsråd etablert av dei fire fylkeskommunane, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Dei fire fylkeskommunane på Vestlandet skal gjennom Vestlandsrådet m.a. fremje landsdelen nasjonalt og internasjonalt, koordinere den politiske innsatsen, og aktivt påverke rammevilkår for landsdelen.

Kontaktinformasjon:

Tom Tvedt, leiar av Vestlandsrådet, tlf 97 19 92 33
Trond Ueland, sekretariatsleiar for Vestlandsrådet, tlf 91 33 74 10

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00