Trond Ueland tilsett som sekretariatsleiar for Vestlandsrådet

Trond Ueland (49) er tilsett som sekretariatsleiar for Vestlandsrådet, som er eit politisk samarbeidsorgan mellom Rogaland, Hordaland, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Ueland kjem frå stillinga som seniorrådgjevar/internasjonal koordinator i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Av utdanning er han Cand.polit. og har brei erfaring innafor offentleg forvaltning.

Sekretariatsleiaren skal vere dagleg leiar for sekretariat med ansvar for å førebu og følgje opp saker i rådet, samt koordinere fylkeskommunane sin administrative innsats inn mot rådet. Sekretariatsleiaren skal kunne nytte seg av administrative ressursar i medlemsfylka.

Ueland gler seg til å ta til i stillinga, og understrekar at Vestlandsrådet er eit viktig politisk organ for vestlandsregionen si utvikling. Han ser fram til å vere tilretteleggar for politiske vedtak til beste for innbyggarane i dei fire fylka.

Del dette:

Relaterte lenker