Trivselshagen feirar fem år med opning av komplett anlegg

Siste byggesteg av Trivselshagen på Sandane, idrettshallen med friidrettsanlegg og klatrevegg, opna 16. januar. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes deltok på opninga, og la vekt på at dette viser kva kommune og fylkeskommune kan få til når dei løftar i lag.

Trivselshagen er eit samarbeidsprosjekt mellom Gloppen kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Dei har investert til saman 290 millionar kroner i anlegget.

– Dette er eitt av dei gode døma på korleis kommune og fylkeskommune løftar ilag, og på korleis vi på den måten klarer å skape gode vilkår for innbyggjarane våre. Tre byggesteg har vi vore igjennom, og det har teke nokre år, men no er bygginga av Trivselshagen fullført. Både ordførar Ryssdal og eg er einige om at vi har den beste trivselshagen i verda, sa fylkesordførar Åshild Kjelsnes i helsinga si under opninga.

Viktig folkehelseperspektiv

Idrettshallen som no står ferdig, har ei aktivitetsflate på 40x60 meter. Her er 60 meter løpebane, hoppegrop, kasteanlegg og ein 15 meter høg klatrevegg. Symjeanlegget og turnhallen i Trivselshagen vart tekne i bruk i 2012. Det ligg altså til rette for varierte aktivitetar for dei aller fleste både på Sandane og i heile Nordfjord.

Folkehelseperspektivet er ein viktig del av arbeidet til både kommunen og fylkeskommunen, og noko det no er lagt godt til rette for på Sandane.

– Med dette flotte anlegget på plass har eg forventningar om gode statistikkar innan mange folkehelseparameter frå Nordfjordregionen i åra framover. Eg håper verkeleg at anlegget får regional bruk og vert til nytte for nabokommunane til Gloppen, sa Kjelsnes.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00