Foto av ungdom i tildels fargerike kle på toppen av ein skibakke. Vi ser dei bakfrå.
Foto av ungdom i tildels fargerike kle på toppen av ein skibakke. Vi ser dei bakfrå.

Siplo skisenter. Foto: Lars Jonas Pedersen

Treng du skyss heim frå trening eller konsert?

Vi kan hjelpe deg! No kan kommunane – i samarbeid med lokal ungdom – søkje om midlar til tilbodet Lokaltransport for ungdom.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har i år sett av ein million kroner til reisetilbodet for ungdom mellom 13 og 19 år. Pengane skal gå til skyss til og frå aktivitetar på ettermiddag og kveld, når det ikkje går ordinære ruter.

I eit fylke med store avstandar, der ungdomane bur spreidd og ofte langt frå fritidstilboda, er det umogleg å ha eit ordinært rutetilbod som passar alle. 

Kvart år blir kommunane og ungdomsråda inviterte til å utforme eit skyssopplegg, og søkje om prosjektmidlar. 

LTU-midlane blir mellom anna brukte til transport til og frå skisenter, trening, ungdomsklubbar, kino, skuleball, diskotek og konsertar. Lokalt tilpassa skyss for ungdom er praktisk for ungdomane, samtidig som den skapar trivsel fordi den gjer det mogleg for ungdomane å gjere noko sosialt saman.

Ta kontakt med kommunen din no! 

Søknadsfristen for 2019 er 15. mars.

Hausten 2018 fekk Sogn og Fjordane Kollektivprisen for tilbodet Lokaltransport for ungdom

For detaljar om kva tiltak det blir gitt støtte til, søknad og gjennomføring, sjå invitasjon her.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut