Tre søkjarar får 725 000 kroner i oppreising

Oppreisingsutvalet hadde møte 20. september og fordelte til saman over 2,1 millionar kroner. Oppreisingsordninga gjeld ut 2012. Sekretariatet oppmodar dei som meiner seg utsette for overgrep og omsorgssvikt om å ta kontakt for å få hjelp til å utforme søknad innan 31. desember.

Tre søkjarar fekk 725 000 kroner kvar i oppreising i møtet 20. september. Ein søkjar vart ikkje ytt oppreising, og ein søkjar fekk ikkje medhald i klagen på tidlegare vedtak. Sakene gjeld kommunar i både Sogn, Sunnfjord og Nordfjord.

Kan få rettleiing og hjelp med søknad

Sekretariatet har motteke sju søknadar til om oppreising. Desse vert lagde fram for oppreisingsutvalet 10. desember. Så langt er det utbetalt til saman 18 millionar i oppreising.

Sekretariatet ved Karen Steingildra understrekar oppreisingsordninga gjeld ut 2012.

– Alle søknadar som kjem inn innan 31. desember i år vert handsama av utvalet. Det er difor viktig at dei som meiner seg utsette for overgrep eller omsorgssvikt, tek kontakt med sekretariatet. Vi kan gje informasjon, rettleiing og konkret hjelp til utforming av ein søknad, seier Steingildra.

Ordninga gjeld for personar som vart utsette for overgrep og omsorgssvikt når dei var plasserte utanfor heimen fram til 01.01.1993. Det er ingen avgrensingar tilbake i tid. Alle kommunane i fylket tek gjennom ordninga eit oppgjer med tidlegare overgrep og omsorgssvikt mot barn som var under kommunalt ansvar. Det er kommunane som betalar ut oppreising.

Meir om oppreisingsordninga

For meir informasjon

Karen Steingildra
konsulent i oppreisingsordninga
telefon: 481 77 249 / 57 65 61 45
e-post: karen.kristine.steingildra@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker