Fotocollage med bilete av ein ny og ein gamal tunnel mellom Olden og Innvik i Stryn.
Fotocollage med bilete av ein ny og ein gamal tunnel mellom Olden og Innvik i Stryn.

Illustrasjon. Foto: Statens vegvesen

Trafikktryggingsprisen 2019

Veit du om nokon som har gjort ein ekstra innsats for at det skal vere trygt å ferdast i trafikken i Sogn og Fjordane? Då kan du nominere vedkomande til trafikktryggingsprisen 2019.

Trafikktryggingsprisen kan gå til enkeltpersonar, lag og foreiningar, grupper og institusjonar som har gjort ein innsats innan trafikktryggingsarbeidet.

Prisen er på 25 000 kroner og eit diplom, og han vert delt ut på fylkestinget i oktober kvart år.

Fristen for å føreslå kandidatar er 19. august.

Send inn forslaga dine til Statens vegvesen på firmapost-vest@vegvesen.no eller til
Statens vegvesen Region vest
postboks 43
6861 Leikanger

Her kan du sjå lista over tidlegare prisvinnarar.

Del dette: