Trafikktryggingsprisen 2014 til Vik Idrettslag Asbjørn Hønsi og Ann Kristin Flatland

– Vi ønskjer at stadig fleire personar skal få høve til å gå, sykle og til og med nytte rulleski trygt langs våre vegar. Prisvinnarane har sett at behovet for rulleskiløyper er viktig, sa Liv Bessie Stave (H), leiartrafikktryggingsutvalet, i sin tale til prisvinnarane.

I samband med opninga av fylkestinget 14. oktober vart Trafikktryggingsprisen 2014 delt ut til Vik Idrettslag, Asbjørn Hønsi og Ann Kristin Flatland. Prisvinnarane fekk diplom og 25 000 kroner av fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

Trafikktryggingsutvalet ønskjer at stadig fleire personar skal få gle seg over frisk luft og fysisk meistring, men slike aktivitetar kan føre til ulukker langs mange smale og svingete vegar.

Vik IL og deira gode hjelparar, Asbjørn Hønsi og Ann Kristin Flatland, har stått på og klart å realisere ei rulleskiløype i Vik, asfaltert og klar til bruk, heiter det i grunngjevinga for tildelinga.

– Eg vil gratulere Vik Idrettslag, Asbjørn Hønsi og Ann Kristin Flatland, med prisen - og takke for dykkar innsats! sa Stave til vinnarane.

Les heile grunngjevinga i Stave sin tale til prisvinnarane.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut