Torolf vart akttraktiv pensjonist

Den 2. september 2010 vart Torolf Norheim takka av som leiar for Bygge- og eigedomstenesta i fylkeskommunen. Frå same dag tok han til som seniorrådgjevar i den same tenesta.

Eit tjuetals medarbeidarar var samla til servering på kantina i fylkeshuset for å markere at endå ein av dei som lenge har spelt ei sentral rolle på topplan i fylkeskommunen gir plass for nye og yngre krefter. Den nye Bygge- og eigedomssjefen Jan Tore Rosenlund er ein av læresveinane til den gamle meister. I si tid som Bygge- og eigedomssjef har Torolf Norheim hatt leiaransvar for å gjennomføre fylkeskommunale byggeprosjekt i storleik 1,2 milliardar kroner. Mange av dei har vore nybygg og opprusting av skulebygg i vidaregåande skule, ofte i samarbeid med lokalt nærings- og organisasjonsliv. Firda vidaregåande skule og Trivselshagen, Eid vidaregåande skule og Operahuset, Fosshaugane Campus med Sogndal vidaregåande skule som krumtapp og Stryn vidaregåande skule med lokalt næringsliv som tette samarbeidspartnarar er dei største døma på det. I tillegg har Luster, Måløy, Høyanger, Hafstad, Dale og Flora vidaregåande skular vorte opprusta og fått nybygg.

Ei lang historie

Fylkesrådmann Jan Øhlckers starta helsingstalen sin med 4. juni 1970. Då starta den fylkeskommunale karrieren til Torolf Norheim. Den gong var det fylkesmannen som styrde fylket, ordførarane var fylkestinget. Etter eit tiår der den nye fylkeskommunen med fylkesrådmann og valde fylkesting vart etablert med det nye og veksande byråkratiet, hoppa Torolf av og fekk seg arbeid hjå rådgjevande ingeniør Urheim i Sogndal. I 1989 kom han attende til fylkeskommunen og vart plan- og utviklingssjef fram til han tok over som bygge- og eigedomssjef etter Håkon Drage då han trappa ned i 2001. Fylkeskommunen har såleis hatt to markerte medarbeidarar i denne posisjonen i ein viktig utviklingsperiode.

Rett mann på rett plass

Eit viktig bidrag frå Torolf Norheim si side var at han fekk sett i gang arbeid med utviklingsplanar ved dei vidaregåande skulane. Då vart det laga eigen investeringsplan for sektoren, og den har vorte rullert fleire gonger. Etter at fylkeskommunen frå 2002 ikkje lenger skulle ha ansvar for sjukehus og helsetenester, vart det opplæringssektoren som kom mest i søkelyset. I løpet av åtte år har ti større byggjeprosjekt vorte gjort ferdige eller er under oppføring. Arbeidet har vore utført av ein liten stab på sju til åtte medarbeidarar. ”Det er i seg sjølv eit kunststykke der det beste frå den offentlege og private planleggingskulturen har vore samla i hendene på ein leiar som har erfaring og kunnskap frå begge område,” sa fylkesrådmann Jan Øhlckers.

Mangslungen, sta og snill

Ord som typisk og sta årdøl, med årdølen sitt varme hjarte, gjekk att i karakteristikkane. Idrettsmannen Torolf Norheim var med og spelte Sogndal opp i den norske fotballeliten. Idrettsleiaren var med og utvikla Sogndal idrettslag til ei kulturkraft og eit nasjonalt utstillingsvindauge. Politikaren har vore med og bygt regionsentret Sogndal til å bli hovudstad for utdanning i fylket og regionalt handelssenter i Sogn. I tillegg var han med i idrettskrinsen frå 1974 til 1988 og fekk laga den første fylkesplan for idrettsanlegg, med fylkeskommunale midlar til idrettsanlegg.

Me på Bygg- og eigedom har fått tillit frå fylkesrådmannen. Me har bygt det beste systemet i landet å jobbe etter når det gjeld saksrutinar og rammer. Me har effektivisert prosjekta og framdrifta. Bemanningsmessig har me vore for små, men resultata får tala for seg sjølv,” sa Torolf Norheim. Han takka for det gode samarbeidet, og vedgjekk at han på den eine sida ikkje hadde lyst å slutte, fordi han hadde det så kjekt, men alder og tid kan ingen setje seg opp imot.

Tangokavaleren

”Kjære Torolf. Du er ein flott og sjarmerande mann. Me har samarbeidd sidan 1991. Du er ein veldig bra sjef, det vågar eg å påstå. Vi har hatt god kjemi. Du veit, eg stressar lett, men då var det alltid ein som kom inn på kopirommet og fekk stressa meg ned. Fantastisk! Men av og til stressa du også. Då gjekk eg inn på kopirommet og spurde pent om det var noko eg kunne hjelpe med. Slik er eit godt miljø. Og så er du veldig flink å danse”, sa Liv Wenche Hjelmeland. Ho styrer ”glasburet” i tredje etasjen i Fylkeshuset.

Assisterande fylkesrådmann Bjørn Birger Bremer leia høgtida med sikker hand og såg til at alle fekk det dei trengde av mat og drikke i tråd med god fylkeskommunal sed og skikk: ”Enkelt, men godt”, som han uttrykte det.

Del dette:

Relaterte lenker