Torolf Norheim er død

Bygg- og eigedomssjef i Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom mange år, Torolf Norheim, døydde måndag 15. august etter ei tids sjukeleie.

- Torolf sovna stille inn natt til mandag. Han var ein av seniorane i fylkeskommunen og har sett spor etter seg over heile fylket. Særleg som bygg- og eigedomssjef tok han på seg mange krevjande oppgåver, som han løyste på ein framifrå måte. Han vil bli djupt sakna av kollegaer og samarbeidspartnarar, seier fylkesrådmann Jan Øhlckers.

Norheim, fødd i 1945, vart tilsett i Sogn og Fjordane fylkeskommune for fyrste gong 1. juni 1970. Han gjekk av med pensjon som bygg- og eigedomssjef 1. september 2010, men har etter dette arbeidd i deltidsstilling i bygg- og eigedomstenesta.

Del dette:

Relaterte lenker