Tore Eriksen er ny fylkesrådmann

Sogn og Fjordane har fått ny fylkesrådmann. Tore Eriksen har teke over etter Jan Øhlckers og ser fram til å ta fatt på oppgåva. Han ser både moglegheiter og utfordringar for fylket framover.

– Sogn og Fjordane er eit flott fylke. Eg trur fylkeskommunen vår betyr meir for vanlege folk, bedrifter og organisasjonar enn det som er tilfelle der fylkesnivået lett kjem i skuggen av ein dominerande storby, seier Eriksen.

Må ta vare på interessene våre

Han meiner dette gjev fylket moglegheiter. Samstundes meiner han at det finst trekk i tida som gjer at distrikta vil kome under press.

– Eg tenkjer då til dømes på element i den nyleg framlagde Nasjonal transportplan (NTP). Vi må jobbe godt i denne type prosessar for å ta vare på våre eigne interesser, slår den nye fylkesrådmannen fast.

Bryr seg om Sogn og Fjordane

Eriksen vart tilsett som fylkesrådmann av fylkestinget i desember i fjor. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes ønskte han velkomen under eit allmøte på Fylkeshuset onsdag 11. april.

– Eg veit at vi no får ein person som bryr seg om Sogn og Fjordane, om menneska, næringslivet, og som ser heilskapen. Eg er trygg på at du vil ta arven frå Jan vidare på ein god måte, og eg gler meg til å samarbeide med deg, sa Kjelsnes.

Tidlegare rådmann i Luster

Den nye fylkesrådmannen er 57 år og kjem frå jobben som rådmann i Luster kommune. Der har han vore sidan 2005. Tidlegare har han vore tilsett som fylkesplanleggjar, informasjonskonsulent, spesialkonsulent, kontorsjef/nestleiar og økonomisjef i fylkeskommunen. Han har også arbeidd som forskar ved Transportøkonomisk institutt (TØI).

Han er utdanna innan ressursøkonomi ved Norges Landbrukshøgskole og har vidareutdanning i samfunnsplanlegging og leiarutvikling.

For meir informasjon

Tore Eriksen
fylkesrådmann
e-post: tore.eriksen@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker