Tore Eriksen blir ny fylkesrådmann

Fylkestinget har tilsett Tore Eriksen som ny fylkesrådmann etter at Jan Øhlckers gir seg. Eriksen tek til 10. april 2012, og Øhlckers vert sitjande i stillinga fram til då.

Det var eit samrøystes fylkesting som tilsette Eriksen under møtet i fylkestinget 13. desember.

Eriksen vender tilbake til Sogn og Fjordane fylkeskommune etter å ha vore rådmann i Luster sidan 2005. Han har tidlegare vore tilsett som fylkesplanleggjar, informasjonskonsulent, spesialkonsulent, kontorsjef/nestleiar og økonomisjef i fylkeskommunen. Han har også arbeidd som forskar ved Transportøkonomisk institutt (TØI).

Den nye fylkesrådmannen er 56 år og utdanna innan ressursøkonomi ved Norges Landbrukshøgskole. Han har også vidareutdanning i samfunnsplanlegging og leiarutvikling.

Del dette:

Relaterte lenker