Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
Toppa fylkesjubileet med storslått konserthelg
Eitt av dei største arrangementa i 250-årsjubileet til Sogn og Fjordane fann stad på Nordfjordeid i helga. Dei fem konsertane med Kringkastingsorkesteret (KORK), lokale solistar og klassiske talent hausta mange positive tilbakemeldingar.
– Eg har aldri fått så mange positive tilbakemeldingar som under denne konserthelga. Folk koste seg med store musikalske opplevingar, og var svært glade for at vi fekk til desse konsertane. Eg er overtydd om at viss vi om fem år spør folk kva dei hugsar best frå fylkesjubileet, så vil dei aller fleste seie konsertane med KORK, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes.
Takkar arrangørane
Ho rettar ein stor takk til alle som med stor entusiasme og arbeidslyst har stått på for å få konsertane i hamn og sender ein spesiell takk til prosjektleiar Stian Sjursen Takle i NRK Sogn og Fjordane.
Både han og mange andre har jobba lenge og mykje med å få konsertane i Operahuset i hamn. Klassiske talent frå fylket fekk opptre saman med KORK. Det gjorde også nokre av dei beste artistane i fylket, som Sigrid Moldestad, Olav Stedje, Tone Damli og Odd-Erik Lothe.
Framførte bestillingsverk
Bestillingsverket «Tri tonar» av komponist Eirik Molnes Husabø frå Florø vart urframført under konsertane. Verket har fått mykje ros frå den musikalske leiinga i KORK og vil for alltid stå som sjølve jubileumsgåva til Sogn og Fjordane. Tre av folkemusikarane i fylket var også solistar under framføringa.
NRK skal lage TV-program av konsertane. Det blir sendt på NRK1 fredag 13. desember kl. 20.05 og går i reprise i romjula.
Sjå bilete frå konsertane på nettsida til NRK Sogn og Fjordane.
Fylkesdirektør

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623
Ingebjørg Erikstad
assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941