Tom Tvedt ny leiar i Vestlandsrådet

1. januar 2011 tok Rogaland fylkeskommune over leiinga av Vestlandsrådet. Tom Tvedt avløyser fylkesordførar Olav Bratland i Møre og Romsdal fylkeskommune som leiar av rådet.

Vestlandsrådet vart etablert i 2003 og er eit politisk samarbeidsråd mellom fylkeskommunane i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. For 2011 er det Rogaland fylkeskommune som har leiaren i rådet.

– Etter vi spikra ein ny plattform for satsingsområde i fjor vinter, har vi fått ein ny giv og eit godt fotfeste i regionalpolitikken på Vestlandet. Vi har t.d. blitt høyrt i saka om ferjefri kyststamveg. Nå ser eg fram til å leie rådet vidare i andre viktige saker for Vestlandet, seier Tom Tvedt.

Vestlandsrådet har vedteke seks satsingsområde for samarbeidet:
* Internasjonalt arbeid
* Samferdsel
* Innovasjon og næringsutvikling
* Kystressursforvaltning - marin og maritim verdiskaping
* Energi, miljø og klima
* Kultur

- Nordsjøstrategi i regi av EU, ny petroleumsmelding, fortsatt trøkk på E39 Kyststamvegen, rassikring, økt kulturpolitisk handlingsrom på Vestlandet, bygging av et tettare marint og maritimt politisk partnarskap på Vestlandet vil vere nokre av mange viktige saker i framtida, seier Tvedt.

For meir informasjon:
Trond Ueland
Sekreteriatsleder
Vestlandsrådet
913 37 410

Del dette:

Relaterte lenker