Førdefestivalen
Førdefestivalen

Førdefestivalen er den største mottakaren av støtte frå Norsk kulturråd i fylket. Her Nomadic Voices på Hafstadfjellet. Foto: Førdefestivalen/Birkeland

Tolv millionar til kunst og kultur

Norsk kulturråd har så langt i 2019 løyvd meir enn 12 millionar til kunst- og kulturføremål i Sogn og Fjordane. Sjå kven som har fått tilskott.

Lista med kunst- og kulturføremål som er støtta via ulike støtteordningar hos Kulturrådet viser at det går mest pengar til musikkfestivalar i fylket.

Førdefestivalen får meir enn halvparten av støtta som er innvilga så langt i 2019. Deretter følgjer Norsk Countrytreff i Gloppen og Teaterfestivalen i Fjaler.

Ønskjer endå fleire søkjarar

– Eg er nøgd med at utøvarar og aktørar i fylket blir støtta med statlege midlar til kunst og kultur. Samtidig skulle eg ønskt at endå fleire i fylket søkte på støtteordningane til Norsk kulturråd, seier Ingebjørg Erikstad, assisterande fylkesdirektør for næring og kultur i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Midlane frå Kulturrådet går til både visuell kunst, musikk, scenekunst, litteratur og andre kunst- og kulturføremål. Så langt er det løyvd 12,1 millionar kroner til tiltak i Sogn og Fjordane for 2019.

Fleire søknadsrundar

– Fleire av ordningane har søknadsfrist i juni og enkelte til hausten. Er du kunstnar eller kulturutøvar bør du vurdere å søkje, oppmodar Ingebjørg Erikstad.

Kulturrådet gir tilskot til kunst og kultur over heile landet basert på midlar frå staten. Kulturrådet er også pådrivar for nye kunst- og kulturprosjekt, driv utviklingsarbeid og er rådgjevar for staten i kulturspørsmål.

Sjå kven som har fått støtte (trykk på biletet for større versjon)
Oversikt 2019 – støtte Norsk kulturråd til SFJ_Side_1.jpg

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut