Tilskotsmidlar til turskiltprosjekt

Fylkeskommunen har, saman med Gjensidigestiftelsen, sett av tilskotsmidlar til merking og gradering av turløyper i fylket. No kan du søke om desse midlane.

Sogn og Fjordane fylkeskommune er med på det nasjonale Turskiltprosjektet. Føremålet med prosjektet er å medverke til at friluftsferdsel der folk bur og oppheld seg, vert auka og tryggja. Det vil fylkeskommunen gjere gjennom informasjon, skilting og merking.

Dette inneber at fylkeskommunen saman med Gjensidigestiftelsen har sett av tilskotsmidlar til merking og gradering av turløyper i Sogn og Fjordane. Det er, for Sogn og Fjordane sin del, ei vidareføring av Vestlandsprosjektet for merking og gradering av turløyper, som starta opp i 2011.

Søknadsfristen er 15. februar.

Del dette: