Fotoet er vinnaren av fotokonkurransen om klimaomstilling
Fotoet er vinnaren av fotokonkurransen om klimaomstilling

Foto: Eric Sadorge

Tilskotsordning for kjøp av elektrisk sykkel

Privatpersonar og verksemder kan søke fylkeskommunen om støtte til kjøp av elsyklar. Ordninga gjeld vanlege elsyklar, elektriske laste- og transportsyklar og elektriske passasjersyklar.
Neste søknadsfrist er 15. april.

Tilskotsordninga for klima- og miljøtiltak skal å støtte gode prosjekt og tiltak, som er i tråd med oppfølginga av den regionale klimaplanen. Det er øyremerka 200 000 kr til støtteordninga for kjøp av elsyklar.

Vi gir i ein avgrensa periode tilskot til kjøp av ulike typar elsykkel, for å redusere bruken av bil til persontrafikk. Ordninga vert avslutta når midlane er brukte opp. Tilskotet utgjer opp til 50 prosent av dokumentert kostnad, men maksimalt 5000 kroner per elsykkel. Det er mogleg å få opp til 10 000 kr ved kjøp av elektrisk laste-, transport- eller passasjersyklar. Ordninga gjeld privatpersonar over 18 år og kommunar og verksemder i Sogn og Fjordane.

Slik går du fram

  • Fyll ut og send inn elektronisk søknad under.
  • Vent til du får tilsegnsbrev frå fylkeskommunen. Ventetida er maksimalt tre veker etter at søknadsfristen har gått ut.
  • Send inn ferdigmeldingsskjema med kopi av kvittering og dokumentasjon på at sykkelen er registrert i eit sykkelregister.

Vi betalar ut tilskotet etterskotsvis til oppgitt kontonummer (36 vekers behandlingstid). Vi prioriterer tilskot til kjøp av elektriske laste-, transport- og passasjersyklar.

Vilkår

Tiltaket gjeld berre kjøp av ny og ferdig montert sykkel. Vi gir ikkje gitt tilskot til brukte syklar eller til kjøp gjennom privatpersonar.

Elsykkelen må registrerast i Falck sykkelregister eller tilsvarande register for syklar. Det må dokumenterast ved ferdigmelding saman med bilete av rammenummeret på sykkelen.

Vi gir berre tilskot til ein elsykkel per privatperson. Søkar må vere eldre enn 18 år. Verksemder og kommunar kan få støtte til maks fem syklar, uavhengig av type.

Du kan ikkje bestille elsykkelen før du har motteke tilsegn frå fylkeskommunen, då tilskotet skal ha utløysande effekt for om du kjøper elsykkel eller ikkje.

Sakshandsaminga tek normalt maksimalt tre veker etter at søknadsfristen har gått ut. Dersom det tek lenger tid, tek vi kontakt og du får moglegheit til å kjøpe sykkelen før du får tilsegnsbrevet.

Tilsegna er gyldig i seks månader.

Det er viktig at du tek vare på kvittering/fakturaer for kostnadar i samband med kjøpet. Kvittering/faktura må vere spesifisert med varetype. Dokumentasjon av kostnadar som ikkje er i samsvar med norske lover og forskrifter kan ikkje inngå i kostnadsgrunnlaget for utrekning av tilskot.

Søknad om støtte til kjøp av elsykkel

Informasjon om søkjar








Søknad

Kva elsykkel søkjer du om støtte til (merke og modell)?



*Tilskotet er avgrensa til maksimalt 50 prosent av totalkostnaden, opp til maksimalt 5000 kroner for vanleg elsykkel og maksimalt 10 000 kroner for transport-/lastesykkel og passasjersykkel.

*

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ida-Beate Mølmesdal
rådgjevar, klima og miljø
ida-beate.molmesdal@sfj.no
476 04 557

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven