Inne i ein ballbinge med gut i blå drakt
Inne i ein ballbinge med gut i blå drakt

Nyleg rehabilitert ballbinge i Vik.

Tilskot til ballbingar

Det er mogleg å få dekka ein stor del av kostnaden ved rehabilitering av ballbinge gjennom spelemiddelordningar. Vi er no i siste året der ein og kan få 10 000 kr i støtte frå Sparebankstiftinga til utskifting av kunstgras i bingen.

I Farsund i Førde vurderer grannelaget å rehabilitere ballbingeanlegget, med nytt  kunstgras, nye nett i basketkorger og fotballmål og utskifting av øydelagde plankar.

Totalkostnaden på ei slik rehabilitering vil bli på om lag 120 000 kr, og 50 prosent av kostnadene vert dekka av spelemidlar. Dugnadsarbeidet er stipulert til om lag 15 – 25 00 kroner, og dette viser at det er gode høve til å kunne få eit tilnærma nytt anlegg for ein låg kostnad.

Sparebankstiftinga yter og eit tilskot på kr. 10 000 til kvar binge som skiftar kunstgraset, under føresetnad om godkjend spelemiddelsøknad. 2017 vil vere siste tilskotsåret for denne ordninga, så no er altså riktig tidspunkt for å sende inn søknad.

Spelemidlar fysisk aktivitet

Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane

For meir informasjon

Atle Skrede
rådgjevar, nærings- og kulturavdelinga
Atle.Skrede@sfj.no
415 30 716
 

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00