Fylkesutvalet handsamar Fjord1-saka 23. november.
Fylkesutvalet handsamar Fjord1-saka 23. november.

Fylkesutvalet handsama Fjord1-saka 23. november. Foto: Ingvild Ramstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Tilrår ny prosess

Saka «Eigarposisjonen i Fjord1 AS» vart i dag handsama i fylkesutvalet, som vedtok å ikkje selje aksjar i F1 Holding no. Saka vert handsama i fylkestinget 23. november kl. 13.

Vedtaket vart gjort med fem mot fire røyster.

Fylkesutvalet rår fylkestinget til å gjere slikt vedtak:

1. Det blir ikkje gjeve tilslutning til fylkesrådmannen si tilråding.

2. Den noverande salsprosessen blir avslutta. Det blir starta ein ny og samordna prosess for nedsal av fylkeskommunen sine aksjar i Fjord1 AS med sikte på endeleg stilling til sal innan utgangen av 2016. I denne prosessen skal det haldast dialogmøte mellom eigarane, og mellom fylkeskommunen og selskapet, og vere samordna med med FU, eigarane og styret og administrativ leiing i Fjord1 AS.

3. Det skal som del av ein ny salsprosess hentast inn ei uavhengig verdivurdering av selskapet. 4. Rammevilkåra som offentlegheitslova og forvaltingslova set, skal klargjerast ved starten av prosessen, med mål om ein open prosess og et best mogleg avgjerdsgrunnlag for Fylkestinget sine medlemmer.

Vedtak, møte i fylkesutvalet 23. november 2015

Saksframstilling ««Eigarposisjonen i Fjord1 AS»

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut