Tildeler 964 000 kr. til lågterskeltiltak innan fysisk aktivitet

Plan og samfunnsavdelinga har tildelt 964 000 kr. til tiltak innan fysisk aktivitet som er tilrettelagde for inaktive i 2011. Midlane er fordelt til frivillige organisasjonar i kommunane og på fylkesnivå. Det er også gitt tilskot til kommunale instansar. Tiltaka rettar seg mot befolkninga generelt og barn, unge og utsette grupper spesielt.

Føremålet med den statlege tilskotsordninga er å stimulere til auka fysisk aktivitet i befolkninga gjennom støtte til frivillige organisasjonar som arbeider med førebyggande tiltak gjennom auka fysisk aktivitet i eigen regi eller i samarbeid med offentleg sektor.

Mellom søknadane som får tilskot er tiltak innan dans, symjing og geocaching, tiltak for elevar i ved dei vidaregåande skulane og fysisk aktivitet for eldre. Sjå lista over tildelinga her.

Fylkeskommunen forvaltar tilskotsordninga på vegne av Helsedirektoratet. For nærare informasjon sjå vedtekter frå Helsedirektoratet om kva tiltak som skal prioriterast.

“Dei statlege midlane er for små til at vi kan gje tilskot til dei gode prosjekta/tiltaka det vert søkt om. Difor har Folkehelseprogrammet gått inn med nesten 400.000 i tillegg til dei 600.000 som staten gjev”, seier fagkoordinator for folkehelse Emma Bjørnsen. “Dette gjer vi fordi regelmessig fysisk aktivitet er svært viktig for folk si helse, og er eit av dei prioriterte innsatsområda i folkehelsearbeidet”.

For meir informasjon, ta kontakt med:

Emma Bjørnsen
Fagkoordinator folkehelse
Telefon: 95 81 98 41
E- post: emma.bjornsen@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker