Tidlegare Måløy-elev på kokkelandslaget

Denne veka vart det klart at bremangaren Jan-Erik Hauge har fått plass på kokkelandslaget, og skal dermed representere Norge i OL i oktober 2016.

Hovudpersonen sjølv har drømt lenge om denne sjansen.

– Dette er noko eg har jobba ganske lenge for. Eg er eit konkurransemenneske og har konkurrert mykje oppgjennom åra, men det er eit trongt nålauge og lite utskiftingar, seier den glade bremangaren.

Takkar læraren sin

Hauge byrja på Måløy vidaregåande skule då kokkelinja berre hadde eksistert i nokre få år, og minnast tida på skulen som god.

– Spesielt Bente Iren Vonheim, kokkelæraren min, har betydd mykje. Ho skal ha mykje av fortenesta for at eg er der eg er. Ho gav meg eit springbrett og var blant anna med på å skaffe meg læreplass med ein av dei beste kokkane i landet, seier han.

Han har framleis mykje kontakt med Vonheim og skulen, og har tatt med seg vener og kollegaer heim til Bremanger og Måløy for å vere med på prosjekt.

– Vi må spreie det glade bodskap, seier Hauge og ler.

Må «jukse» litt

Hauge får ansvar for eit treretters vegetarmåltid dei neste to åra.

– Å jobbe med grønsaker gjer at ein må vere kreativ og tenkje litt annleis. Spesielt sidan dette er eit kaldmatsbord og alle rettane skal stå i 12-14 timar og sjå like fine ut.

Hauge og kollegaene brukar blant anna gelatin for at maten skal halde seg.

– Det blir litt «juks» for at det skal sjå bra ut. Det er sette reglar for konkurransen som gjer at ein må behandle maten på ein litt anna måte. Denne maten er ikkje noko dommarane skal smake på, påpeiker han.

– Ingen primadonna

Han trur han fekk plassen på landslaget fordi han har jobba hardt dei siste åra.

– Eg har vore heldig og har jobba tett med fleire av landslagskokkane, og har difor fått inn med «teskei» korleis ting skal gjerast for at eg skal hevde meg nasjonalt. I tillegg jobbar eg hardt, er perfeksjonist og ein lagspelar. Eg er opptatt av at folk skal fungere rundt meg, og at vi drar lasset saman. Eg er ikkje noko primadonna som vil ha all merksemda!

Stolt av eleven sin

Bente Iren Vonheim underviste Jan-Erik Hauge då han gjekk på Måløy vidaregåande skule. Ho er stolt over den tidlegare eleven sin.

– Han er absolutt ein type ein hugsar. Han har alltid vore positiv, snill og i godt humør. Fagleg var han effektiv og rask og ikkje minst veldig dyktig, seier ho.

Ho fortel vidare at Hauge har vore flink til å oppdatere skulen om kva han driv med, og at han ofte kjem heim for å hjelpe til på skulen med forskjellige prosjekt. Ho er ikkje overraska over at den tidlegare eleven har gjort det godt.

– Eg er ikkje overraska. Han var ein av kandidatane til å bli med på juniorlandslaget, så vi visste han var kjent for dei. No når han er på seniorlandslaget blir vi veldig glade og stolte, seier Vonheim om eleven.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00