Portrettfoto av artist Thea Hjelmeland. Ho står framfor nokre busker, rett rett i kameraet, har pynt i øyrene, håret og rundt halsen og har på seg ein svart topp.
Portrettfoto av artist Thea Hjelmeland. Ho står framfor nokre busker, rett rett i kameraet, har pynt i øyrene, håret og rundt halsen og har på seg ein svart topp.

Foto: Andrew Amorim.

Thea spelar for over 4000 elevar

Thea Hjelmeland spelar i desse dagar for over 4000 elevar ved dei vidaregåande skulane i fylket. Den kritikarroste artisten frå Førde er på turné med Den kulturelle skulesekken (DKS).

Elevane kan vente seg ei eineståande musikalsk oppleving når Thea og bandet hennar startar turneen i Førde måndag 30. januar. Dei reiser vidare til Florø dagen etter, og seinare i veka går turen til Fjaler, Høyanger og Årdal. Neste veke står Sogndal og skulane i Nordfjord for tur.

Unik artist

– Vi er svært nøgde med å få med oss Thea ut på turné. Ho er ein unik artist, og elevane kan vente seg ei ikkje heilt daglegdags konsertoppleving. Musikken hennar er både nær, intim, open og energisk på same tid. Vi gler oss til å gje elevane denne opplevinga, seier DKS-koordinator Øyvind Sunde Høstaker.

Thea Hjelmeland er ein av dei meste kjende artistane frå Sogn og Fjordane. Den unge musikaren og vokalisten frå Førde har hatt stor suksess med plateutgjevingane  «Oh, the third» og «Solar Plexus», som begge har fått strålande kritikkar.

Konsertoppleving i fleire dimensjonar

Hjelmeland komponerer all musikken, skriv tekstane og arrangerer musikken sin sjølv, i tillegg til å produsere låtane. Låtmaterialet hennar er prega av ein stemmebruk få gjer etter ho. Ho nyttar stemma si nærast instrumentalt og i eit stort register, som strekkjer seg frå det djupaste djupe til det aller lysaste.

Musikken til Thea er kjenneteikna av både catchy refreng og ikkje minst Thea si traktering av ei mengd ulike strengeinstrument. Det gjer konsertane til ei konsertoppleving i fleire dimensjonar, både instrumentalt og vokalt.

Med seg på scena har ho eit knippe dyktige musikantar frå øvste hylle: Jo Berger Myhre/Morten Skage (bass), Matias Tellez (gitar) og Ivar Thormodsæter (trommer).

Les meir

For meir informasjon

Øyvind Høstaker
koordinator for Den kulturelle skulesekken (DKS)
oyvind.hostaker@sfj.no 
952 22 168

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00