Foto teke utanfrå Stryn vidaregåande skule, ved inngangspartiet. Vi ser skulen i bakgrunnen, og på plassen framfor står det bord og benkar, der det sit mange elevar.
Foto teke utanfrå Stryn vidaregåande skule, ved inngangspartiet. Vi ser skulen i bakgrunnen, og på plassen framfor står det bord og benkar, der det sit mange elevar.

Illustrasjonsfoto.

Tett oppfølging gir resultat

Fleire elevar i Sogn og Fjordane kvalifiserte seg for vidare opplæring i 2016 enn åra før.

– Dei vidaregåande skulane har i fleire år hatt særskild merksemd på elevar som ikkje kvalifiserer seg for vidare opplæring. Då er det gledeleg å sjå at arbeidet gjev resultat, seier assisterande fylkesdirektør for opplæring, Tor-Einar Holvik Skinlo.

Færre trengde ny eksamen

I 2016 var det 126 elevar i Sogn og Fjordane som måtte opp til ny eller særskild eksamen på grunn av karakteren 1 på eksamen eller i standpunkt. Dette er ein klår nedgang frå året før, då 216 elevar måtte ha ny eksamen, og i 2014, då talet var 235.

Ei av årsakene til nedgangen kan vere at dei vidaregåande skulane kvart år må vurdere tiltak for elevar som står i fare for å ikkje kvalifisere seg til vidare opplæring.            

Fleire greier eksamen

Også talet på elevar som ikkje møtte til utsett eksamen har gått kraftig ned. Berre sju elevar møtte ikkje opp i fjor, mot 66 (2015) og 83 (2014) åra før.

Og blant dei som var oppe til – og møtte til – ny eller særskild eksamen, så var det fleire som bestod eksamen, 56 prosent i 2016, mot 39 og 34 prosent åra før. Dette kan mellom anna skuldast at skulane har lagt til rette for ekstra opplæring og oppfølging.

Skal ha den beste opplæringa

– Dette syner at vi har treft nokon av dei viktigaste målgruppene våre, dei som risikerer å gå ut av vidaregåande opplæring utan å vere kvalifiserte for vidare skulegang. Målet vårt er å ha den beste opplæring i landet – for alle, slår Skinlo fast.

Sogn og Fjordane har over tid vore blant dei beste fylkeskommunane både med omsyn til resultata på eksamen og tal ungdomar som gjennomfører vidaregåande opplæring.

For meir informasjon

Tor-Einar Holvik Skinlo
assisterande fylkesdirektør for opplæring
958 39 029
tor-einar.holvik.skinlo@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00