Tek over ansvaret for sekretariatet for oppreisingsordninga

Karen Steingildra er tilsett som konsulent i oppreisingsordninga og får ansvaret med å administrere ordninga, som alle kommunane i Sogn og Fjordane er med i. Så langt er elleve søkjarar tilkjent til saman 7,3 millionar kroner som oppreising for urett dei vart utsette for under offentleg omsorg.

– Eg gler meg til å ta fatt å jobben og er motivert for å gjere eit godt arbeid. Det er lagt mykje solid arbeid i å få etablert ordninga slik at den på beste måte tek vare på interessene til målgruppa. Det er òg med eit visst alvor eg går til jobben, fordi det handlar om å møte menneske som har lidd urett og ikkje blitt sett av dei som var ansvarlege for dei. Det er viktig å ta opplevingane deira på alvor og yte dei god bistand i søknadsprosessen, seier Steingildra.

Ho har tidlegare arbeidd med barnevern i fleire kommunar, hovudsakleg i Indre Sogn. I tillegg er ho oppnemnd av departementet som sakkyndig medlem i fylkesnemnda for barnevernssaker.

Mange saker frå 1960-talet

Fylkeskommunen administrerer oppreisingsordninga for alle kommunane i Sogn og Fjordane, og Steingildra vert no ansvarleg for sekretariatet som førebur søknadane om oppreising.

Søknadane vert så handsama av oppreisingsutvalet, og så langt har elleve søkjarar fått til saman 7,3 millionar kroner. Dette skal betalast av kommunane som hadde ansvaret for søkjarane då dei var under offentleg omsorg. Leiar for utvalet, jurist Arvid Mellingen, fortel at det er stor variasjon i søknadane.

– Vi ser at det er stor spreiing i alder og bakgrunn for søkjarane. Ein tendens så langt, er at ein stor del av dei som søkjer oppreising, var under offentleg omsorg på 1960-talet, seier han.

Det er så langt kome inn 24 søknadar om oppreising, og det neste møtet i oppreisingsutvalet vert 21. september.

Vil ta eit moralsk ansvar

Oppreisingsordninga er oppretta for at kommunane i fylket vil gje ei oppreising og ei orsaking utan atterhald til personar som vart utsette for overgrep eller omsorgssvikt i institusjon, fosterheim, spesialskule eller anna kommunal plassering før 1. januar 1993.

Kommunane ønskjer å ta eit moralsk ansvar for, og gi ei oppreising og ei orsaking utan atterhald, til disse personane. Det kan søkjast om oppreising heilt fram til 1. januar 2013.

For meir informasjon, ta kontakt med

Karen Steingildra
Konsulent i oppreisingsordninga
Telefon: 57 65 61 45
E-post: karen.kristine.steingildra@sfj.no

 

Del dette:

Relaterte lenker