Tek grep for å redusere uønska deltid

Sogn og Fjordane fylkeskommune ønskjer å redusere talet på tilsette som arbeider uønska deltid. Difor vert det no lyst ut midlar til utdanningsstøtte for tilsette i fylkeskommunen som ønskjer å auke stillingsprosenten sin. Det er i 2011 sett av 200 000 kroner til dette tiltaket.

– Vi håpar at mange no nyttar seg av dette tilbodet og søkjer om støtte. Målet er at folk som arbeider uønska deltid skal verte kvalifiserte til å ta på seg nye arbeidsoppgåver og slik auke stillingsprosenten sin, seier personalsjef Toril Einarsen.

Bakgrunn for at tiltaket, er fylkestinget si målsetjing om å halvere tal tilsette som arbeider uønska deltid innan 2012. Denne målsetjinga er vedteken i Handlingsplan for likestilling, likeverd og mangfald 2009-2012.

Det kan gjevast støtte til utgifter som kursavgift, semesteravgift, eksamensavgift, reise og opphald, og til dekking av vikarutgifter når det er naudsynt. For å få tildelt utdanningsstøtte, må eininga til søkjaren ha eit framtidig rekrutteringsbehov, som samsvarar med utdanninga det vert søkt om støtte til. Den som søkjer må også ønske seg ein høgare stillingsprosent, og utdanninga må gje formalkompetanse/studiepoeng.

Kontaktperson

Jan-Erik Weinbach
jan-erik.weinbach@sfj.no
Tlf. 57 65 64 31

Del dette:

Relaterte lenker