Streiken i kommunesektoren er over

Tysdag 5. juni vart arbeidstakarorganisasjonane og kommuneorganisasjonen KS samde om tariffoppgjeret i kommunal sektor. Streiken som har vart frå 24. mai er dermed over, og dei 49 tilsette i fylkeskommunen som har vore tekne ut i streik, er no tilbake på jobb.

Resultatet for tariffoppgjeret ser i grove trekk slik ut

  • Eit generelt tillegg til alle på minst 12 000 kroner eller 2,7 prosent.
  • Minstelønnssatsane vert heva.
  • Laurdags- og søndagstillegget vert heva til 50 kroner per time.
  • Ein lokal pott på 1,2 prosent med føring på kompetanse og lokal lønspolitikk.
  • Bestemming som skal sikre kriterium for lokale lønstillegg.
  • Partane kom fram til eit resultat som sikrar rettar for innleigde vikarar tilsvarande det som vart avtalt i staten.

Del dette:

Relaterte lenker