Streiken i fylkeskommunen er utvida

Fagforbundet har teke ut ytterlegare 34 tilsette i fylkeskommunen i streik frå tysdag 29. mai. Til saman er no 49 tilsette ute i streik. Dette råkar blant anna dei vidaregåande skulane Stryn, Øyrane, Hafstad og Mo og Jølster.

Streikeuttaket omfattar enkelte tilsette i desse delane av fylkeskommunen:

  • Mo og Jølster vidaregåande skule
  • Stryn vidaregåande skule
  • Øyrane vidaregåande skule
  • Hafstad vidaregåande skule
  • Kulturavdelinga
  • Opplæringsavdelinga
  • Bygge- og eigedomstenesta

Streiken får særleg konsekvensar for reinhaldet ved dei vidaregåande skulane, i og med at fleire reinhaldarar er tekne ut i streik. Kvar skule prøver likevel å ta i vare det viktigaste reinhaldet slik at det får minst mogleg konsekvensar for elevane. Situasjonen vert vurdert fortløpande så lenge streiken held fram.

Sentralbordet ved Stryn vidaregåande skule er ute av drift, kontaktinformasjon til tilsette på heimesida til skulen. Sentralbordfunksjonen i Storehagen Atrium i Førde har også redusert drift. Alle tilsette her har direkte mobilnummer.

Kontaktinformasjon til alle tilsette i fylkeskommunen

Meir om streiken i kommunesektoren på nettsidene til KS

For meir informasjon

Toril Einarsen
personalsjef
tlf. 415 30 607
e-post: toril.einarsen@sfj.no

 
 
 

Del dette:

Relaterte lenker