Streik ved Hafstad vgs frå måndag 11. august

42 lærarar blir tekne ut i streik ved Hafstad vidaregåande skule i Førde med verknad frå måndag 11. august. Alle elevar må uansett møte til skulestart 18. august.

Sogn og Fjordane fylkeskommune fekk onsdag 6. august melding frå Utdanningsforbundet om plassfråtreding ved Hafstad vidaregåande skule i Førde for 42 arbeidstakarar. Dei 42 lærarane blir tekne ut i streik med verknad frå måndag 11. august.

Alle elevar må uansett møte til skulestart mandag 18. august. Lærarar som ikkje er i streik vil ha undervisning som planlagt.

Hafstad vidaregåande skule tilbyr både allmennfagleg (studiespesialiserande) og yrkesfagleg utdanning. Skulen har om lag 470 elevar og 65 tilsette.

For meir informasjon, kontakt:
Grethe Karin Øren, rektor
Hafstad vidaregåande skule, Førde
Grethe.karin.oren@sfj.no
Tlf: +47 922 58 668

Bekka Skaasheim
fylkesdirektør, opplæringsavdelinga
Sogn og Fjordane fylkeskommune, Leikanger
Bekka.Skaasheim@sfj.no
tlf: +47 57656210 | mob: +47 41530956

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00