Stortingets næringskomité kjem til fylket

Stortingets næringskomité møter onsdag 3. september ei rekkje spennande bedrifter i Sogn og Fjordane.

I perioden 1.–3. september vil næringskomiteen på Stortinget besøkje Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane for å lære meir om enkeltbedrifter og næringsstrukturar i dei to vestlandsfylka. Hovudtema for besøksrunden er design og innovasjon. Næringskomiteen kjem til Sogn og Fjordane om kvelden tysdag 2. september, og vil bli møtt og ønskt velkomen av mellom andre fylkesordførar og fylkesmann.

Onsdag 3. september vil komiteen gjennomføre eit dagsprogram i fylket, og programpostane denne dagen er opne for media.

Sjølve programmet her i fylket startar onsdag 3. september i Stryn. Her vil komiteen vil få høyre om suksesshistorier og vekstpotensiale innan klesdesign og konfeksjonsindustri. Deretter går turen vidare til Sandane, der det vert lagt opp til presentasjonar frå ei rekkje bedrifter frå både marin og maritim sektor. I tillegg vert det ei orientering om fornying i kraftsektoren og om vekstmuligheiter innanfor bergverk og mineral.

Stortingskomitear gjennomfører jamlege reiser for å innhente informasjon i samband med saker til behandling, og byggje kompetanse innan sine fagområde. Besøket frå næringskomiteen er eit fint høve til å presentere nokre av dei svært mange spennande bedriftene i fylket, og bidreg til ei positiv profilering av kompetansen og næringslivet som finst i Sogn og Fjordane.

Programmet for besøket er utarbeidd i samarbeid mellom Fylkesmannen og fylkeskommunen.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00