Storehagen Atrium vekkjer stadig merksemd

Merkinga av kontorbygningen i Førde har fått skryt i både inn- og utland. Nyleg publiserte det amerikanske designbladet segdDesign ein lengre artikkel om merkesystemet.

I mai-nummeret til segdDesign er det via fire heilsider på merkinga som Ralston & Bau, del av det kreative miljøet Transplant / Design Centre i Dale, står bak.

I Førde-bygninga der mellom anna fylkeskommunen har kontorlokale til i underkant av 40 tilsette, er etasjane merka med eit fargekodesystem. Kvar etasje har sin farge. Dagbladet og bladet Fast Company’s Co. Design har tidlegare via merksemd til den T-baneinspirerte merkinga, og no har segdDesign plukka opp tråden.

Her kan du lese artikkelen til segdDesign.

Del dette:

Relaterte lenker