Stor gjevarglede i Operahuset

Besøkstenesta til Eid Røde Kors hadde sist helg innsamling til kriseråka Filippinane før og etter konsertane med Kringkastingsorkesteret (KORK) i Operahuset Nordfjord. Gjevargleda var stor, og publikum frå heile fylket gav 33 500 kroner til ofra for tyfonen Haiyan.

No takkar både besøkstenesta i Eid Røde Kors og fylkesordførar Åshild Kjelsnes publikum for eit flott innsamlingsresultat og arrangørane for eit godt samarbeid.

Innsamlinga skjedde i samarbeid med både Operahuset Nordfjord og NRK Sogn og Fjordane.

Les meir:
Toppa fylkesjubileet med storslått konserthelg

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut