Biblioteket på Sogndal videregåande skule
Biblioteket på Sogndal videregåande skule

Foto: Else Ness/Sogndal vidaregåande skule

Støtte til vidareutdanning

Sogn og Fjordane fylkeskommune får komande skuleår statleg støtte til å gje 26 lærarar vidareutdanning i ulike fag. Det svarar til om lag fem millionar kroner.

Fylkesdirektøren søkte om 29 vidareutdanningsplassar og fekk støtte til 26 lærarar. Dei høgast prioriterte faga er norsk, matematikk og naturfag.

Ti får fullfinansiert utdanninga i matematikk og naturfag, medan vidareutdanningsplassar i andre fag vert dekka 60 prosent av staten. Ni av lærarane som har fått tildelt midlar tek deler av masterutdanning i norsk eller matematikk.

13 yrkesfaglærarar har også fått tildelt statleg stipend for å ta PPU/PPY-utdanning (praktisk, pedagogisk utdanning). Dette er lærarar på yrkesfag som har fast stilling, men ikkje har hatt PPU/PPY då dei fekk stilling i fylkeskommunen.

Meir info om ordningane finn de på Utdanningsdirektoratet si heimeside

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00