Oppdrettsanlegg på fjorden, med grå himmel i bakgrunnen
Oppdrettsanlegg på fjorden, med grå himmel i bakgrunnen

Støtte til marin verdiskaping

Eit fiskeoppdrettsprosjekt frå NIVA fekk tilskot då midlar frå Marint Verdiskapingsfond vart delt ut i hovudutval for næring og kultur.

 Fondet skal bidra til  berekraftig utvikling av akvakulturnæringa i fylket, og til å auke den lokale verdiskapinga innan havbruket.

Det kom inn fem søknadar til Marint Verdiskapingsfond Sogn og Fjordane ved fristen den 28. februar.

Det overordna målet med NIVA sitt prosjekt er å bidra til å redusere svinn i produksjonen av laks og aure. Ein ynskjer å auke kunnskapen om samanhengen mellom visse miljøvariablar, fisken si gjellehelse og risiko for eigensmitte med lus og anna smitteagens (t.d. amøbar) i sjøanlegget.

Hovudutvalet vedtok slik delfinansiering av søknadane i møte 12. mai:

  • NIVÅ får tildelt 728 400 kr. til prosjektet «Miljøfaktorer, gjellehelse og svinn i sjø - nøkler for smittereduksjon og bedret velferd »

  • Folvengaard får tildelt 110 000 kr til «Forprosjekt: Folvengaard Røye»

  • Skaar Norway AS får tildelt 135 000 kr til finansiering av studietur til Alaska.

Sakspapir frå møte i hovudutval for næring og kultur 12. mai 2016.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00