Bilde av bygga for Eid vidaregåande skule og Opera nordfjord
Bilde av bygga for Eid vidaregåande skule og Opera nordfjord

Eid vidaregåande skule er blant søkarane som får støtte frå enøk-fondet i 2016. Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Støtte frå enøk-fond

Åtte søkarar fekk støtte frå det fylkeskommunale enøk-fondet i 2016. Fylkeskommunen fordeler inntil 1,85 millionar kroner i stønad i år.

Sogn og Fjordane fylkeskommune oppretta i 2003 eit enøk - fond med ein grunnkapital på 10 millionar kroner. Fondsmidlane vert lyst ut årleg.

Tiltak som kan støttast er enøk-analyser, enøk-investeringar i bygningar og driftsanlegg, opplæring av nøkkelpersonell, samt haldningsskapande arbeid/informasjon retta mot innbyggjarane i fylket.

Følgjande får støtte frå fylkeskommunalt enøk-fond i 2016 etter vedtak i fylkesutvalet 1. juni 2016:

  • Luster kommune får inntil kr. 731 539
  • Jølster kommune får inntil kr. 120 750
  • Bremanger kommune får inntil kr. 61 072
  • Fjordvarme AS får inntil kr. 100 000
  • Energikompetansesenteret AS får inntil kr. 200 000
  • Hyllestad kommune får inntil kr. 137 500
  • Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane får inntil kr. 200 000
  • Eid vidaregåande skule får inntil kr. 300 000

Frist for realisering av tiltaka er 15.desember 2017 og frist for sluttrapport er 31.desember  2017.

Sakspapir med alle detaljar om ENØK-søknadane.

Del dette:

Relaterte lenker