Bilde frå møte i hovudutvalet for næring og kultur
Bilde frå møte i hovudutvalet for næring og kultur

Hovudutval for næring og kultur

Støttar hydrogensatsing

Den 27. september var det møte i hovudutvalet for næring og kultur på Kaupanger. Sakene som blei handsama var mellom anna hydrogen-satsing i Sogn og Fjordane og støtte til Framtidsfylket. Hovudutvalet har bestemt at det skal løyvast 1,28 millionar kroner til hydrogen og 350 000 kroner til Framtidsfylket.

Hydrogen-prosjekt

Det er blitt gjennomført ei kartlegging og mogligheitsanalyse for bruk av hydrogen i fylket. Infrastrukturen er lite utbygd og etterspørselen etter hydrogen er liten i fylket. Dersom det skal leggjast til rette for hydrogen, må difor lønnsemda auke både i og utanfor fylket.  

Med bakgrunn ovannemnde ønskjer fylkeskommunen å styrkje innsatsen for hydrogen, satsinga skal mellom anna innebere:

- Bruk av hydrogendrivne alternativ i innkjøp av tenester som passasjerbåtar og ferger.

- Produksjon av hydrogen basert på «lokale råvarer» som straum og vatn

- Hydrogenstasjonar, der ein vil legge til rette for eit nettverk av hydrogenstasjonar

- Hydrogendrivne brenselsceller til andre føremål, m.a. til naudstraum til bygg/anlegg

Satsinga vil bli gjennomført som eit prosjekt i løpet av dei neste to åra og ein vil tilsetje ein prosjektleiar  i  halv stilling. Vidare vil fylkeskommunen etablere eit samarbeid med dei andre fylka på Vestlandet, og det er sett i gong ei mogligheitsstudie saman med Hordaland og Møre og Romsdal. 

«Ei flott satsing som kan opne for spennande moglegheiter i fylker» seier Karen Marie Hjelmeseter, leiar for hovudutvalet.

Framtidsfylket

Framtidsfylket er Sogn og Fjordane si eiga merkevare for jobb og rekruttering, og omfattar i dag portalen framtidsfylket.no, Framtidsfylket Trainee og Framtidsfylket Karrieremesser. Fylkeskommunen har gitt tilskot til Framtidsfylket Karrieremesser sidan karrieremessene starta opp for omlag 10 år sidan og tidligare støtta produksjon av magasinet #utanfilter.

Til dette møtet hadde dei søkt om støtte til karrieremesser og magasinet #utanfilter. Hovudutvalet ser positivt på det arbeidet Framtidsfylket har gjort for rekruttering til fylket dei siste åra og har valt å gå inn med støtte også i år.

Du kan lese meir om dei andre vedtaka i møte her

For meir informasjon

Karen Marie Hjelmeseter
leiar, hovudutval for næring og kultur
karen.marie.hjelmeseter@sfj.no
918 47 736

 

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00